Kriminallitteratur

litterær sjanger om fiktive brotsverk og oppklaring
(Omdirigert frå Kriminalroman)

Kriminallitteratur eller berre krim er underhaldande, spenningsfylt litteratur om etterforsking og oppklaring av brotsverk.[1] Krimforteljingar handlar gjerne om mord og mystiske forsvinningar, men kriminalromanar kan òg handle om vinningskriminalitet, kriminelle organisasjonar og liknande. Kriminallitteratur finst som romanar og noveller, teikneseriar, fjernsynsseriar, høyrespel og filmar. Frå den tradisjonelle detektivromanen har det utvikla seg ulike typar kriminallitteratur, som politiromanen, spion- og agentromanen og thrilleren.[1]

Amerikansk krimblad frå 1935.

Historie endre

 
Altar med bilde av Josef som blir kasta i brunnen av brørne sine. Frå Klosterneuburg i Austerrike.

Brotsverk, oppklaring og straff har vore omhandla i ei rekkje tekstar gjennom historia.[2] Det finst fleire døme i Bibelen,[3] til dømes bortføringa av Josef, son av Jakob i Fyrste mosebok, eller forteljinga om Susanna i badet frå den utvida Daniels bok.[4] Norrøn mytologi har også soger om brotsverk og oppklaringa av dei, som drapet på Balder.[5] Soger om brotsverk er også blitt omhandla i balladar og skillingsviser frå mellomalderen til moderne tid.[6] Det finst også former for detektivforteljingar i Tusen og ei natt-eventyra og i ein kinesisk sjanger kjend som gong'an.

Moderne krim endre

Edgar Allan Poe blir rekna som grunnleggjaren av moderne krim med forteljinga The Murders in the Rue Morgue frå 1841, men det fanst også tidlegare forteljingar om detektivar. I Noreg er Maurits Hansen si bok Mordet paa Maskinbygger Roolfsen frå 1839–1840 eit tidleg døme på sjangeren.[1]

I 1866 gav franskmannen Émile Gaboriau ut L'affaire Lerouge som den fyrste lengre detektivromanen. Wilkie Collins sin The Moonstone frå 1868 blir framleis rekna som eit av hovudverka i sjangeren. Blant resten av kriminalforfattarane på 1800-talet har Arthur Conan Doyle ei viktig tyding som skaparen av privatdetektiven Sherlock Holmes og medhjelparen hans doktor Watson.[1]

1900-talet endre

 
Illustrasjon til The Innocence of Father Brown av G.K. Chesterton.

Ein kjend forfattar i åra før sjangeren nådde den såkalla gullalderen i 1920- og 1930-åra, er E.W. Hornung, som med gentlemans-forbrytaren Raffles snudde om på kravet etter konvensjonen ved å gjera skurken til helt. Noko av det same er tilfellet hos Maurice Leblanc (Arsène Lupin), medan G.K. Chesterton med sine father Brown-historier markerer eit høgdepunkt i detektivnovella. Elles følgde dei fleste britiske kriminalforfattarane i Conan Doyle sine fotspor. R. Austin Freeman (1862–1943) skapte reine puslespel-intrigar, og den uhyre produktive Agatha Christie introduserte detektivane Hercule Poirot og miss Marple.[1]

Leslie Charteris, med bøkene om Helgenen, og Edgar Wallace representerer den meir eventyrlege, handlingsfylte kriminalromanen.[1]

Med Dorothy L. Sayers kom ei ny djupne inn i sjangeren. Sjølv om den snobbete amatørdetektiven hennar, lord Peter Wimsey, av og til nesten blir ein karikatur, er miljø- og personskildringa mindre konvensjonell enn vanleg. Sayers gav i 1930 ut (saman med Robert Eustace) The Documents in the Case, som er ein forløpar for dokument- eller dossier-romanen, ført vidare mellom anna av Dennis Wheatley (1897–1977). The Bellamy Trial frå 1927 av Frances Noyes Hart er eit tidleg døme på kriminalromanen der rettssaka utgjer heile historia. Med få unntak følgjer alle dei nemnde tradisjonen frå Poe og Conan Doyle.[1]

1930-talet: Hardkokt krim endre

I USA blei det kring 1930 skapt ei heilt ny retning: den hardkokte kriminalromanen, som er langt meir realistisk og samfunnskritisk enn den intellektuelle leiken mange forfattarar ynda å drive. Dashiell Hammett, med mellom anna The Maltese Falcon frå 1930, blir rekna som grunnleggjaren av denne retninga. Hammett sin «elev», Raymond Chandler, som er skaparen av privatdetektiven Philip Marlowe, er kanskje meir berømt, mellom anna på grunn av at han fekk filmatisert fleire av sine beste bøker. Retninga blei vidareført av Ross MacDonald i eit utal romanar frå den amerikanske vestkysten og av George V. Higgins. Nært i slekt med denne retninga er William Faulkner si Sanctuary og, kanskje endå nærare, James McCain si The Postman Always Rings Twice.[1]

1950-talet: Politiromanen endre
 
Scene frå den svenske filmen Ett brott frå 1940, etter eit skodespel av Sigfrid Siwertz.

Blant dei mest populære retningane innan kriminallitteraturen i dag er politiromanen (prosedyreromanen) og spionromanen (agentromanen). Ed McBain skapte med romanane sine frå politidistriktet «87th Precinct» ei av dei mest populære formene i sjangeren, nemleg politiromanen. Med sine meir enn 50 bøker med same politietterforskarar danna han skule og har bidrege til at denne forma for krim er den viktigaste no.[1]

I sin uttalte samfunnskritikk dannar enkelte av dei saman med Hammett-Chandler-tradisjonen eit direkte og naturleg førebilete for den største og beste serien av kriminalromanar i nordisk litteratur, nemleg Sjöwall og Wahlöö sine romanar om Martin Beck og politikollegaene hans. Romanserien i ti bind har inspirert fleire svenske forfattarar til å skrive seriar med like mange bøker, mellom anna Håkan Nesser, Henning Mankell, Arne Dahl og Camilla Läckberg. Sjöwall og Wahlöö har utan tvil vore ein hovudgrunn til den sterke utviklinga i så vel svensk som nordisk krim generelt frå 1970 og fram til i dag.[1]

Norsk krim endre

 
Utstilling av nordeuropeisk krimlitteratur i Seattle.

I Noreg er Maurits Hansens Mordet paa Maskinbygger Roolfsen frå 1839–1840 eit tidleg døme på sjangeren. Det var fyrst med Rudolf Muus, Øvre Richter Frich og Sven Elvestad (med pseudonymet Stein Riverton) i åra kring fyrste verdskrigen at krim verkeleg vart ein viktig sjanger, både når det gjeld produktivitet, opplagstal og kvalitet. Elvestad si Jernvognen frå 1909 blir framleis rekna som ei av dei beste norske kriminalbøkene, men det finst mange andre som er lesverdige den dag i dag, blant dei nesten 100 kriminalromanane han skreiv. Alf Bonnevie Bryn (Peter van Heeren) og Detektiv-Magasinet med politihelten Knut Gribb bør også nemnast. Øvre Richter Frich er ein av dei mest produktive forfattarane som bidrog til at norsk kriminallitteratur dominerte i Skandinavia i mellomkrigstida. Med nokre få spennande romanar under psevdonymet Max Mauser markerte også Jonas Lie (barnebarnet til den store diktaren) seg.[1]

Åra under andre verdskrigen markerer eit oppsving for norsk krim, men frå denne perioden er det eit par forfattarar som skil seg ut, fordi dei beste bøkene deira er for klassikarar å rekne i norsk krim: Torolf Elster, særleg Historien om Gottlob frå 1941, og André Bjerke, som under psevdonymet Bernhard Borge gav ut sin første kriminalroman, Nattmennesket, i 1941, etterfølgd av mellom anna De dødes tjern frå 1942 og Døde menn går i land frå 1947. Også Arthur Omre skreiv krim, men det er få eller ingen forfattarar eller bøker frå tida etter krigen og fram til 1960-talet som har sett avgjerande spor etter seg. Lalli og Fridtjof Knutsen skreiv krim både saman og kvar for seg, men klassikarstatus innanfor detektivsjangeren fekk Gerd Nyquist, fyrst og fremst med bøkene Avdøde ønsket ikke blomster frå 1960 og Stille som i graven frå 1966.[1]

Nyquist var den fyrste presidenten i Rivertonklubben då han blei skipa i 1972, og frå midten av dette tiåret voks norsk kriminallitteratur i omfang og kvalitet til nivå som ikkje var sett før. Tor Edvin Dahl skreiv ein serie med politiromanar, Gunnar Staalesen debuterte med ein politiroman og innførte så privatetterforskaren Varg Veum, som har vore aktiv i nye bøker meir enn 30 år. Jon Michelet og fleire andre bidrog til ein meir politisk og samfunnsoppteken krim, og for første gong etablerte ei rekkje forfattarar seg som reine krim- og spenningsforfattarar av alt frå politiromanar til agent- og spionromanar og reine thrillerar. Desse forfattarane fekk følgje av mange nye som heldt seg til sjangeren, men den store nye tilveksten etter oppblomstringa til 1970-talet kom fyrst på 1990-talet.[1] Kringsjangeren er særs populær blant lesarane, og står for ein usedvanleg høg del av boksalet i Noreg.[1]

Kvinnelege forfattarar har markert seg stadig sterkare i norsk kriminallitteratur, nokre gonger også med kvinnelege heltar, i tråd med ein internasjonal trend frå 1980-åra (Sue Grafton, Sara Paretsky). Framståande namn er Kim Småge, Anne Holt, Kjersti Scheen, Magnhild Bruheim, Karin Fossum og Unni Lindell. Desse var med på å prega norsk krim frå tidleg på 1990-talet, og dei fleste har vore svært produktive. Men dei hadde selskap av mange menn som på ulikt vis fornya norsk krim, anten ved å velja nye og spennande etterforskarar, finna nye miljø, gjerne langt utanfor storbyen, eller ved å utvide mystifikasjonen og valdsnivået i bøkene. Viktige namn frå 1990-talet og framover er mellom anna Jan Mehlum, Kolbjørn Hauge, Kjell Ola Dahl, Jo Nesbø, Jørgen Gunnerud, Torkil Damhaug og Thomas Enger, for berre å nemne nokre få. Norsk kriminallitteratur var sterkt mannsdominert i åra etter 2000, og av dei 40–50 bøkene som kom ut kvart år, var tre av fire skrivne av mannlege forfattarar. Spreiinga på dei mange underformene av kriminalromanen er stor.[1]

Mange av forfattarane som er nemnde ovanfor, har hatt stor suksess med omsetjingar av bøkene til dei fleste europeiske språk. Norsk krim har til og med klart å erobre den vanskelege engelskspråklege marknaden. I England blir norsk og nordisk krim marknadsført som «nordic noir», og det er skrive studiar både av «nordic noir» og «Scandinavian Crime Fiction». Svensk krim er nok større i engelsktalande land, særleg på grunn av bøkene til Stieg Larsson, men forfattaren Jo Nesbø har vore høgt oppe på bestseljarlistene også i USA.[1]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 1,11 1,12 1,13 1,14 1,15 Skei, Hans H. (23. januar 2023). «krim – litteratur». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. Watson, Kate (10. januar 2014), Women Writing Crime Fiction, 1860-1880: Fourteen American, British and Australian Authors (på engelsk), McFarland, ISBN 978-0-7864-9117-9, henta 16. mars 2023 
  3. Powell, Steve (6. juni 2011), «The Bible, the Book of Daniel and Crime Fiction Narratives», The Venetian Vase (på engelsk), henta 16. mars 2023 
  4. Powell, Steve (6. juni 2011), «The Bible, the Book of Daniel and Crime Fiction Narratives», The Venetian Vase (på engelsk), henta 16. mars 2023 
  5. Wanner, Kevin J. (2009). «Cunning Intelligence in Norse Myth: Loki, Óðinn, and the Limits of Sovereignty». History of Religions 48 (3): 211–246. ISSN 0018-2710. doi:10.1086/598231. 
  6. «Our Long-standing Obsession with True Crime», Creative Nonfiction (på engelsk), henta 16. mars 2023 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kriminallitteratur
  Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.