Fredrik Waldemar Hvoslef

norsk prest

Fredrik Waldemar Hvoslef (17. mars 18255. mai 1906) var ein norsk geistleg innblanda i Kautokeino-opprøret. Han var gift med Alette Kathrine Frost (f. 1825).

Fredrik Waldemar Hvoslef

Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. mars 1825
Oslo, Christiania
Død

5. mai 1906 (81 år)
Bergen

Yrke prest
Verv Biskop i Tromsø stift
Periode 1868-1876
Føregangar Carl Peter Essendrop
Etterfylgjar Jakob Sverdrup Smitt
Verv Biskop i Bergen stift
Periode 1881-1898
Føregangar Peder Hersleb Graah Birkeland
Etterfylgjar Johan Willoch Erichsen
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Fredrik Waldemar Hvoslef på Commons

Fredrik Hvoslef var farlaus berre fem år gammal. Frå han var fjorten år drog han til sjøs, og han avla styrmannseksamen før han gjekk på land att som nittenåring for å ta seg teologisk utdanning. På universitetet møtte han Stockfleth, som gav han undervisning i samisk, og Stockfleth oppmoda han til å søkje eit kall i Finnmark.

I Kautokeino endre

Som ung prest kom han til Kautokeino. Her heldt han tiltredingspreike på samisk 2. påskedag (12. april) 1851, i lag med tidlegare sokneprest Niels Vibe Stockfleth.

Som sokneprest i Kautokeino møtte han tidleg problem med det han opplevde som villfarne kristne. Fleire gonger nekta han folk nattverd fordi dei ikkje forstod at dei trong forlating for syndene sine. Ofte vart samlingane forstyrra av det han kalla «upasseligheder». Uroa toppa seg i Kautokeino-opprøret 8. november 1852. Her vart han vitne til at lensmannen og handelsmannen vart drepne, huset til handelsmannen vart brent og vindauga i prestegarden vart slegne inn. Hvoslef sjølv, huslyden hans og huslyden til handelsmannen vart tekne til fange i prestegarden og piska med bjørkeris. Overfallsmennene ville tvinge dei til bot og omvending. Hvoslef kjende seg sjølv truga på livet. Først då eit følgje samar frå Avžži kom til unnsetning, vart han sett fri.

Søndagen etter noterte Hvoslef i kyrkjeboka at lekamleg og andeleg utmatting gjorde han sjuk i kyrkja, likevel opplevde han å få Guds kraft til å fullføre gudstenesta. Veka etter vart det ikkje gudsteneste, sidan han låg til sengs. Hausten 1854 var han til stades ved halshogginga av Aslak Jacobsen Hætta og Mons Aslaksen Somby.

Biskop endre

I 1857 vart Hvoslef styrar av lærarseminaret i Tromsø, i 1861 vart han stiftsprost same stad.

Anna endre

Redningsskøyta RS 8 «Biskop Hvoslef» har fått namn etter han. Sonen gav denne skøyta til Redningsselskapet og ville heidre faren på den måten.

Kjelder endre

  • Nellejet Zorgdrager. De rettferdiges strid : Kautokeino 1852 : samisk motstand mot norsk kolonialisme ; oversatt fra nederlandsk av Trond Kirkeby-Garstad. - Nesbru : Vett & viten ; Oslo : i samarbeid med Norsk folkemuseum, 1997. - 558 s. (Samiske samlinger ; B.18, red.: Ove Pettersen).

Bakgrunnsstoff endre