Carl Peter Essendrop

norsk prest

Carl Peter Parelius Essendrop (6. juni 181818. oktober 1893) var ein teolog frå Christiania. Han var biskop i Tromsø og seinare i Kristiania, dessutan kyrkjeminister i to år i Frederik Stang-ministeriet. Essendrop var ein dei sentrale leiarane i Den norske kyrkja på 1800-talet. Han utmerkte seg som ein flink administrator og særprega predikant.

Carl Peter Essendrop

Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. juni 1818
Christiania
Død

18. oktober 1893 (75 år)
Oslo

Yrke prest, politikar
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Carl Peter Essendrop på Commons

Essendrop studerte teologi ved Universitetet i Kristiania frå 1835 og vart cand.theol. i 1839. Frå 1842 underviste han på katedralskulen i Trondheim. År 1849 vart han utnemnd til sokneprest i Klæbu og samstundes styrar av Klæbu seminar. 1859-60 var han kortvarig sokneprest i Melhus. Perioden 1860-67 var Essendrop biskop i Tromsø stift. Seint i 1867 tok han over som stiftsprost i hovudstaden og sokneprest til Vår Frelsers menighet. Essendrop var 1872-75 statsråd og sjef for Kyrkje- og utdanningsdepartementet. I oktober 1874 vart han utnemnd til biskop i Kristiania stift, etter forgjengaren Jens Lauritz Arup var død. Essendrop vart vigsla til gjerninga i januar 1875, og sat i posisjonen til han døydde hausten 1893. Valperioden 1877-79 møtte han som varamann på Stortinget.

Essendrop gav mellom anna ut Prædikener til alle Aarets Søn- og Helligdage (1873), Til Kristiania Stifts Præster fra Stiftets Biskop (1883), Taler ved Kirkeindvielser samt Bispe- og Prestevielser (1893).

Kjelder endre