Fredrikke Marie Qvam
Fredrikke Marie Qvam (fødd 31. mai 1843 i Trondheim, død 10. september 1938 på Gjævran Gård ved Steinkjer) var ei norsk kvinnesaks- og målkvinne. Saman med Camilla Collett, Gina Krog og Fernanda Nissen er ho rekna som eit av dei fire store namna i norsk kvinnesak.[1]
Fredrikke Marie Qvam | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 31. mai 1843 Trondheim |
Død |
10. september 1938 (95 år) |
Yrke | politikar |
Politisk parti | Venstre |
Medlem av | Norsk Kvinnesaksforening, Norske Kvinners Sanitetsforening |
Ektefelle | Ole Anton Qvam |
Fredrikke Marie Qvam på Commons |
Qvam var fødd i Trondheim og voks opp på By utanfor Steinkjer. Ho flytta til Kristiania tidleg på 1880-talet, og hadde styre- og leiarverv i Norsk Kvinnesaksforening, Norske Kvinners Sanitetsforening, Norske Kvinner Nasjonalråd og Landskvinnestemmerettsforeningen. Den 22. august 1905 leverte ho ei liste med underskrifter frå 280 000 kvinnenamn som hadde skrive under for unionsoppløysing, og samstundes i protest mot at kvinnene ikkje hadde røysterett i denne saka.
Qvam var også med — som ei av svært få kvinner — på skipingsmøtet til Noregs Mållag i 1906.
Ho var gift med Ole Anton Qvam
Fredrikke Qvams gate i Oslo er kalla opp etter henne.
Fredrikkeprisen delt ut av Norske Kvinners Sanitetsforening har òg namn etter henne, og omfattar ein statue av Qvam.[2]
Referansar
endre- ↑ Fredrikke Marie Qvam frå Stemmerettsjubileet 1913-2013 / Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
- ↑ «Fredrikkeprisen | Norske Kvinners Sanitetsforening», sanitetskvinnene.no, henta 27. februar 2022
Bakgrunnsstoff
endre- Folkvord, Magnhild. 2013. Fredrikke Marie Qvam : rabaldermenneske og strateg, Oslo: Det Norske Samlaget. ISBN 978-82-521-8300-9