Fredrikshamn (finsk Hamina) er ein by i landskapet Kymmenedalen sør i Finland.

Fredrikshamn
kommune
Haminan raatihuone.jpg
Våpenskjold
Land Flag of Finland.svg Finland
Fylke Kymmenedalen
Areal 630,65 km²
Folketal 21 956 (31.12.2005)
Grunnlagd 1653
Ordførar Hannu Muhonen (rådmann), Kalervo Tulokas (kommunestyre)
Postnummer 49400-49980
Retningsnummer 05
Språk finsk

Fredrikshamn
60°34′11″ N 27°11′53″ E
Wikimedia Commons: Hamina

HistorieEndra

Prestegjeldet som Fredrikshamnvart grunnlagt i, Veckelax, er nemnd i kjeldene for første gong i 1336. Staden fekk stapelstadsrätter i 1653. Byen vart kalla Veckelax Nystad.

I 1723 vart Fredrikshamn grunnlagt, og bygd som ein sirkel. Samtidig byrja dei å byggje eit festningsverk rundt byen. I 1743 vart Fredrikshamn overført til Russland som ein del av avtalen i Åbofreden. Som resultat av dette fekk byen nytt namn, Friedrichshafen. I staden for Fredrikshamn vart Lovisa grunnlagt som ny grenseby mot Russland.

I 1809 vart fredsavtalen mellom Finland og Russland underteikna her, den såkalla Freden i Fredrikshamn. I 1812 vart Fredrikshamn, i lag med resten av Viborgs län ført tilbake til Finland, som då i alle fall hadde vorte ein del av Russland.

I 1821 vart byen råka av ein brann som øydela sentrum av byen. I 1840 brann det på ny, og i 1841 vedtok byen ein ny byplan med breiare gater.

Under vinterkrigen vart Fredrikshamn råka av russisk bombing, og etter krigen i 1940 bygde dei opp bydelen Ruotsinkylä (‘Sveriges by’) med trehus som vart gjevne som gåve frå Sverige. Byen vart også bomba under fortsetjingskrigen, og til saman vart over 60 bygningar øydelagde under bombingane i 1939–1944.

Den 1. januar 2003 vart Veckelax, landkommunen rundt Fredrikshamn, slått saman med bykommunen.

Stader å sjåEndra

  • Rådhuset (frå 1798)
  • Bymuseet i Katarina II-palasset
  • Forsvarshøgskolemuseet
  • Fredrikshamns bastion (frå 1700-talet)
  • Johanneskyrka (frå 1843)
  • Mariakyrka (orig. frå 1400-talet)
  • Peter-Pauli ortodokse kyrka (frå 1837)
  • Samovar-museum - privatsamling av russiske te-kjeler

VenskapskommunarEndra

Sjå ogsåEndra

BakgrunnsstoffEndra