Opna hovudmenyen

Fredrikstad Skiklubb (FSK) er eit idrettslag som vart skipa i Fredrikstad 14. januar 1896. Klubben driv langrenn, orientering, skihopp og friluftsliv i Fredrikstad-distriktet. Orientering har vore på programmet sidan 1938. Det kjende orienteringsløpet «Blodslitet» vart skipa til av FSK uoffisielt første gongen i 1968, sidan 1979 har dette vore ei årviss offisiell tevling for orienteringsløparar frå ei rekkje land.

Fredrikstad Skiklubb har opparbeida og vedlikeheld ei rekkje turløyper i Fredrikstadmarka, m.a. lysløyper, mykje med dugnadsinnsats, men klubben har også fått noko stønad frå det offentlege og frå næringslivet.

Skihytta «Breidablikk»Endra

 
Skihytta «Breidablikk» under eit barneskirenn 22. januar 2006.

Fredrikstad Skiklubb si skihytte, «Breidablikk», vart innvigd 15. november 1911. I daglegtale vert ho berre omtala som «Skihytta». Hytta ligg på eit av dei høgaste punkta i Fredrikstadmarka, 101 m.o.h., og er eit populært utfartsmål, og eit midtpunkt i Fredrikstadmarka. Ho er også ein viktig samlingsstad for aktivitetar i klubben, for trening, tevlingar, møte og kurs. Hausten 2005 og vinteren 2006 gjennomgår hytta ei større utbetring og påbygging.

BakgrunnsstoffEndra