Free As A Bird
«Free As A Bird» er ein song av The Beatles, utgjeve i 1995. Songen er hovudsakleg skriven av John Lennon, med eit nytt mellomparti skrive av Paul McCartney. Songen vart gjeven ut som singel, på album (vinyl og CD), og på video og DVD av dei tre gjenlevende tidlegare Beatles-medlemmane for å promotere fjernsynsserien og CD-samlinga Anthology 1 og videoserien, som òg vart utgjeven på DVD med bonusmaterial.
Den avdøde John Lennon hadde skrive songen, men aldri fullført han. Enka hans, Yoko Ono, gav lydbandet med den «rå» innspelinga av den uferdige songen til Paul McCartney, George Harrison og Ringo Starr. Dei kom saman att for å gjera ferdig songen og spele han inn,, saman med «Real Love» og «Now And Then», som ikkje vart fullført.[1][2][3] I intervju fortalde dei tre gjenverande bandmedlemmane at dei førestilt seg at Lennon hadde reist på ferie og hadde overlate dei songen for å fullføra han.
Den opphavlege innspelinga gjorde Lennon ca. 1977 i New York, og overdubbing (lydar på lydar) vart gjort i tidsrommet februar-mars 1994 i Sussex i England.
Musikkvideoen til «Free As A Bird» vann ein Grammy-pris i 1997 til Vincent Joliet (videoprodusent), Joe Pytka (videoregissør) og The Beatles i kategorien for Beste musikkvideo. Videoen hadde mange referansar til andre Beatles-songar og hendingar.
Songen nådde andreplass på UK Singles Chart og vart nummer 6 på U.S. Billboard Hot 100).
Jeff Lynne (tidlegare medlem av Electric Light Orchestra) produserte songen sidan George Martin, Beatles-produsenten gjennom alle år, trekte seg på grunn av svekka høyrsle.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Free As A Bird (sang)» frå Wikipedia på bokmål, den 6. oktober 2018.
Referansar
endreBakgrunnsstoff
endre- «Free As A Bird»-video – kronologisk dokumentering av video
- «Free As A Bird» lyrics – tekst