Free Form Guitar
Song av Chicago
frå albumet The Chicago Transit Authority
Utgjeve 28. april 1969
Innspelt Januar 1969
Sjanger Støyrock, eksperimentell rock
Lengd 6:53
Selskap Columbia Records
Låtskrivar(ar) Terry Kath
Produsent James William Guercio

«Free Form Guitar» er eit musikkstykke skriven av Terry Kath for rockebandet Chicago og spelt inn for debutalbumet The Chicago Transit Authority (1969).

Bakgrunn endre

Som det står i plateomslaget til The Chicago Transit Authority, skriven av produsenten James William Guercio:[1]

«Free Form Guitar vart spelt på ein Fender Stratocaster-gitar gjennom ein Showman-forsterkar utstyrt med doble 15-botnar med ein Bogan P.A.-forsterkar som pre-amp. Det vert ikkje nytta elektroniske knep eller effektar under innspelinga av denne, for å prøve å fange den faktiske lyden så korrekt som mogeleg, slik stykket vart framført.» — James William Guercio

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 21. juli 2015, henta 20. oktober 2015