Opna hovudmenyen

Terry Kath

amerikansk musikar

Terry Alan Kath (31. januar 194623. januar 1978) var ein USA-amerikansk musikar og låtskrivar, mest kjend som gitarist og songar i rockebandet Chicago. Han vart hylla som ein særs dugande gitarist og ein Ray Charles-aktig vokalstil.

Terry Kath
Fødd31. januar 1946(1946-01-31)
FødestadChicago, Illinois
Død23. januar 1978 (31 år)
DødsstadWoodland Hills i California
FødenamnTerry Alan Kath
OpphavUSA
Aktiv1963–1978
SjangerRock, hardrock, bluesrock, jazzrock
Instrumentgitar, vokal, bassgitar
Kjende instrumentFender Telecaster, Fender Stratocaster, Gibson SG, Gibson Les Paul Professional
Stemmetypebaryton
Tilknytte artistarChicago
Verka somMusikar, låtskrivar

Kath voks opp i ein musikalsk familie og byrja å spele fleire instrument i tenåra, mellom anna trommer og banjo. Han spelte bass i fleire band i midten av 1960-åra, før han slo seg til med gitar då han danna gruppa som skulle bli Chicago. Gitarspelinga hans var ein særs viktig del av stilen til gruppa frå starten av karrieren deira, og han song solo på fleire av singlane til gruppa. Han brukte fleire typar gitarar, men vart etter kvart identifisert med ein Fender Telecaster. Jimi Hendrix skal ha sagt om Kath at han var «den beste gitaristen han hadde sett.»

Kath sleit med helsa og dopmisbruk mot slutten av 1970-åra. Han døydde i januar 1978 då han skaut seg sjølv ved eit uhell. Chicago vurderte å oppløyse bandet då Kath døydde, men valte til slutt å fortsette.

BiografiEndra

Kath lærte å spele gitar på eiga hand og i tenåra spelte han Ventures-songar i lokale band. Tidleg og midten av 1960-åra spelte Kath i grupper som Jimmy Rice & the Gentlemen og Jimmy Ford & the Executives, som på eit tidspunkt var akkompagnement for Dick Clark's Caravan of Stars. Kath spelte bass for desse banda. Seinare i 60-åra hadde Kath spelt med fleire Chicago-baserte musikarar og danna eit rockeband som nytta ei blåserekkje, og tidleg i 1967 var Chicago Transit Authority fødd. Det var under ein av dei tidlege konsertane til CTA at Kath fekk det som kanskje er dei beste lovorda ein gitarist kan få, då Jimi Hendrix fortalte saksofonisten Walter Parazaider, «Gitaristen dykkar spelar betre enn meg».[1] Seinare vart namnet korta ned til berre Chicago, og bandet skulle bli eit av dei mest suksessrike rockebanda det neste tiåret.[1]

Gitaren til Kath er å høyre på hittar som «25 or 6 to 4» (frå Chicago II i 1970) og den mindre kjende «Free Form Guitar» (frå debutplata). Kath var med på 11 Chicago-album frå 1969 til 1977. Alle desse selde minst gullplate og vart etterfølgd av utselde turnear. På ein fest heime hos seg sjølv ein kveld den 23. januar 1978, tok Kath fram eit av våpna sine for å reinse det. Han vart beden om å legge det bort og sette pistolen mot hovudet sitt. Han forsikra alle om at det ikkje var ladd, og trykte på avtrekkjaren. Men pistolen var ladd og gjekk av, og Kath mista brått livet, ei veke før han fylte 32 år.[1] Chicago fortsette med fleire gitaristar, men resultatet vart aldri heilt det same.[1] I 1997 gav Chicago ut eit samlealbum for å hylle Kath, kalla The Innovative Guitar of Terry Kath. I tillegg til å spele gitar, song Kath òg på fleire Chicago-songar som «Introduction», «I'm a Man», «Free» og «Wishin' You Were Here», pluss hitsinglane «Make Me Smile» og «Color My World».

«Eg trur ikkje det nokon gong har vore ein betre rytmespelar. Og så har du Terry sin sologitar, som, særleg i dei dagane, var i verdsklasse.»

Chicago klaverspelar Robert Lamm[2]

Fordi Chicago rekna seg som eit lag, har somme bandmedlemmar sidan hevda at bidraga til Kath vart oversett. Parazaider sa seinare, «om [Kath] hadde vore frontmann, hadde han fått langt meir anerkjennelse.»[3]

Diskografi med ChicagoEndra

Hovudartikkelen for dette emnet er diskografien til Chicago.

KjelderEndra