Fridalen kyrkje er ei arbeidskyrkje i Bergen kommune i Vestland fylke. Kyrkja vart bygd som kombinert interimskyrkje og kyrkjelydshus i 1937. I 1957 vart Fridalen skilt ut frå Årstad som eige sokn,[2] og kyrkja fekk sakristi, prestekontor og ny kyrkjelydssal i underetasjen.[3] Sin noverande utsjånad fekk bygget ved ei ombygging i 1985.[4]

Fridalen kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Bergen
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Bergen domprosti
Sokn Fridalen
Fellesråd Bergen
Arkitekt J.L. Andersen og K.H. Irgens
Teknikk Mur (med puss og kalk)
Material Mur (med puss og kalk)
Innvigd 6. mai 1937
 - Endringar 1957, 1985
Klokker 2, Olsen Nauen (1937 og 1992)
Preikestol Av tre (1985)
Døypefont Av furu (1985)
Altartavle Glasmåleri på korveggen av Ole Gabriel Dahl (utf. Didr. Andersen & Søn, 1962)
Orgel Rieger Orgelbau (1993)[1]
Sitjeplassar 450
Kart
Fridalen kyrkje
60°21′47″N 5°21′22″E / 60.363°N 5.3561°E / 60.363; 5.3561
Wikimedia Commons: Fridalen kirke

Byggverket er i mur og har 450 sitjeplassar. Sjølve kyrkjesalen er ei langkyrkje.

Det er ikkje kyrkjegard på staden.

Fotnotar endre

  1. Jf. spesifikasjonar
  2. Arkivverket – Prestegjeld og sogn i Bergen
  3. «Norges kirker»
  4. VL jobb: Sokneprest i Fridalen menighet. Kyrkjesøk opererer med byggjeår 1985.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre