Frode Alfson Bjørdal
Frode Alfson Bjørdal (fødd i 1960) er professor emeritus ved Universitetet i Oslo[1], og professor colaborador ved Programa de pós-graduação em filosofia på Universidade Federal do Rio Grande do Norte[2] i Natal i Brasil.
Frode Alfson Bjørdal | |||
| |||
Fødd | 30. januar 1960 | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | norsk | ||
Yrke | Professor i filosofi | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet | ||
Alma mater | University of California, Santa Barbara Universitetet i Bergen | ||
Doktorgradsrettleiar | Anthony Brueckner Nathan Salmon William Forgie |
Utdanning
endreBjørdal tok cand. mag ved Universitetet i Bergen i 1985 med filosofi, logikk, samfunnsøkonomi, samfunnskunnskap og matematikk i fagkrinsen. Han var Deutsche Akademische Austauschsdiens Stipendiat ved Johan Wolfgang Goethe Universitetet i Frankfurt am Main i Vest-Tyskland 1985/86. Han fortsette studiane sine ved University of California i Santa Barbara i USA frå 1988 til 1992, og mottok doktorgrad der i 1993[3].
Karriere
endreFrå 1992 til 1994 var Bjørdal universitetslektor ved Universitetet i Trondheim (nå Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet), fra 1994 til 1996 var han førsteamanuensis ved Universitetet i Tromsø og fra 1996 til 2005 var han førstemanuensis ved Universitetet i Oslo. Frå 2005 var han professor ved Universitetet i Oslo, og frå 2013 var han professor emeritus der. Frå 2013 har han også vore professor colaborador ved Universidade Federal do Rio Grande do Norte.
Vitskaplege interesser
endreBjørdal har i hovudsak vore opptatt av å utvikle ein alternativ mengdeteori £ (Libra) som grunnlag for den matematikken som trengst for naturvitenskapar, og som også kan handtera dei mengdeteoretiske og semantiske problema på ein ny måte. Han har også vore opptatt av emne i religionsfilosofi og modallogisk semantikk. Som logikar har han vide interesser i andre sentrale filosofiske område som etikk, metafysikk og epistemologi.
Offentleggjeringar i utval
endre- Kritisk Tenkning, Cappelen Akademisk Forlag, 1996, ISBN 82-456-0050-4.
- Understanding Gödel's Ontological Argument, i T. Childers (ed.), The Logica Yearbook 1998, FILOSOFIA, Prague, 1999, s. 214-217.
- Considerations Contra Cantorianism, i M. Pelis & V. Puncochar (eds), The Logica Yearbook 2010, s. 43–52, College Publications 2011.
- Librationist Closures of the Paradoxes, i Logic and Logical Philosophy, Vol. 21, No. 4 (2012), s. 323–361.
- The Evaluation Semantics – A Short Introduction, i M. Pelis & V. Puncochar (eds), The Logica Yearbook 2011, s. 31–36, College Publications 2012.
- Cubes and Hypercubes of Opposition, with Ethical Ruminations on Inviolability, i Logica Universalis Volume 10, Issue 2–3 (2016), s. 373–376.
- Elements of Librationism i arXiv:1407.3877.
- All Properties are Divine or God Exists – The Sacred Thesis and its Ontological Argument, i Logic and Logical Philosophy, Vol 27, No 3 (2018), s. 329-350.
Kjelder
endre- ↑ «Emeriti - Department of Philosophy, Classics, History of Art and Ideas», www.hf.uio.no (på engelsk), henta 27. februar 2020
- ↑ «Programa de Pós-Graduação em Filosofia - UFRN», cchla.ufrn.br, henta 27. februar 2020
- ↑ «Alumni at University of California at Santa Barbara, Department of Philosophy, University of California, Santa Barbara - PhilPeople», philpeople.org (på engelsk), henta 27. februar 2020