Frode Larsen

norsk fotballspelar (1949–2017)

Frode Larsen (16. juni 194920. juni 2017)[1] var ein norsk tidlegare fotballspelar frå Bergen som var aktiv i SK Brann i åra frå 1967 til 1979. Den dribleglade vengspelaren hadde sine beste sesongar midt på 1970-talet. I 1975 spelte han sju landskampar på den norske høgrevengen, utan å skåre mål. Larsen vart cupmeister med Brann i 1972 og 1976. Han spelte 161 seriekampar og skåra 15 seriemål for klubben.

Frode Larsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. juni 1949
Bergen
Død

20. juni 2017 (68 år)
Bergen

Yrke fotballspelar

Han var far til komikaren Calle Hellevang-Larsen i Raske Menn.

Kjelder endre