Frome
Frome er ein by i grevskapet Somerset i England. Han har kring 24 500 innbyggjarar og ligg i austenden av Mendip Hills og byen er bygd på ujamn grunn kring elva Frome. Byen ligg 21 km sør for Bath, 59 km aust for Taunton og 142 km vest for London.
Frome | ||
---|---|---|
Cheap Street | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Somerset | |
Distrikt | Mendip | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
24 510 | |
Koordinatar | 51°14′N 2°19′W / 51.233°N 2.317°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | BA11 | |
Telefon-retningsnummer | 0 1373 | |
Frå 950 til 1650 var Frome ein større stad enn Bath og voks opphavleg som følgje av ull- og tekstilindustrien her.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Frome» frå Wikipedia på engelsk, den 23. juli 2011.