Froskar
Froskar er slanke, vasslevande amfibium i ordenen halelause padder (Anura).
Omgrep
endreOmgrepet er ikkje ei taksonomisk gruppe, men er ei polyfyletisk gruppe der padder ikkje er tekne med. Denne inndelinga gjev ei viss meining i europeisk samanheng, der ho omtrent samsvarer med familiane ekte froskar Ranidae og padder (Bufonidae). Utanfor Europa finst det derimot halelause padder som ikkje fell naturleg inn i denne grupperinga.
Den arten ein gjerne meiner når ein snakkar om «frosk» på norsk er buttsnutefrosk (Rana temporaria).[1] I Noreg finst det elles fire andre artar ein kallar froskar. Rana er ei biologisk slekt med ein del typiske froskar, medan familien ho høyrer til, Ranidae, blir kalla ekte froskar.
I Noreg er det registrert fire froskeartar:
- Buttsnutefrosk Rana temporaria
- Spissnutefrosk, Rana arvalis
- Damfrosk, Rana lesseonae
- Latterfrosk, Rana ridibunda[2]
Ordsoge
endre«Frosk» kjem av norrønt froskr og har samanheng med ordet «frode» (bokmål «fråde»).[1] Ordet er i slekt med engelsk frog og tysk Frosch og kjem frå urgermansk *fruska-z med den urindoeuropeiske rota *preu- ('å hoppe, springe').[3]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Frosker» frå Wikipedia på bokmål, den 6. oktober 2010.
- Mylapp eller hopparlappe? Arkivert 2016-03-17 ved Wayback Machine. ved Nynorsksenteret
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 «frosk» i Nynorskordboka.
- ↑ Latterleg frosk på Finnøy - aftenbladet.no (besøkt 14.nov 2008)
- ↑ frog ved Online Etymology