Damfrosk

amfibieart
Damfrosk
Damfrosk
Damfrosk
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: CR Kritisk truga[1]
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Amfibium Amphibia
Orden: Halelause padder Anura
Familie: Halelause padder Ranidae
Slekt: Pelophylax
Art: Damfrosk P. lessonae
Vitskapleg namn
Pelophylax lessonae

Damfrosk (Pelophylax lessonae) høyrer til gruppa ekte froskar, og er den sjeldnaste frosken i Noreg, der han ikkje blei registrert før i 1986. Han likar seg i grunne dammar på stader med masse sol, og mykje insekt. I fleire land, mellom anna England, er damfrosken utrydda, og det var han nær ved å bli i Arendal òg. I dag finst der kring 50 levande individ igjen.[2] Fisk som et rumpetroll er eit problem, og arten er kategorisert som kritisk utryddingstrua på norsk raudliste 2006, 2010, 2015 og 2021 (i same kategori som fjellrev og ulv).[1]

I Europa er arten vanleg nokre plassar, og populasjonen i Arendal blir rekna som ein av dei nordlegaste i verda, og ved sidan av ein populasjon i Uddevalla er dette den einaste ved Skagerrak. Han kan ha kome hit ein gong då klimaet var mildare, kanskje for fleire tusen år sidan. Individa som har overlevd har gjennom generasjonar tilpassa seg eit kaldare klima enn artsfrendane lenger sør i Europa, og nettopp difor er det viktig at dei nordlege populasjonane ikkje blir utrydda, men blir verande som ein del av den genetiske variasjonen innanfor arten.

Det er politisk vedtatt at det biologiske mangfaldet skal oppretthaldast i Noreg, og difor blir det nå gjort tiltak i regi av miljøavdelinga hos fylkesmannen i Aust-Agder slik at damfrosken skal få utvida område å leva i.[1]

RaudlistevurderingEndra

Damfrosken blir vurdert til kritisk trua CR grunna ein sterk reduksjon i populasjonsstorleik (85%) i løpet av dei dei siste 10 åra, eit svært lite utbreiingsområde og eit svært avgrensa førekomstareal som er kraftig fragmentert (frå førekomsten i Sverige) og som består av få lokalitetar og få reproduserande individ. Vidare har arten ein svært liten populasjonsstorleik på mindre enn 50 reproduserande individ.[1]

FotnotarEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Dervo B, Strøm BS og van der Kooij J (24. november 2021). «Amfibier og reptiler: Vurdering av damfrosk Pelophylax lessonae for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 11. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 11. mars 2022. Henta 11. mars 2022. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Damfrosk
  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.