Buttsnutefrosk
Buttsnutefrosk eller vanleg frosk (Rana temporaria) er eit amfibium i ordenen halelause padder. Han er den amfibiearten som finst lengst nord i Eurasia, og er den mest utbreidde froskearten i Noreg.
Buttsnutefrosk | |
Buttsnutefrosk | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Livskraftig[1] Utbreiinga av buttsnutefrosk | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Amfibium Amphibia |
Orden: | Halelause padder Anura |
Familie: | Halelause padder Ranidae |
Slekt: | Froskar Rana |
Art: | Buttsnutefrosk R. temporaria |
Vitskapleg namn | |
Rana temporaria |
Buttsnutefrosk er som alle norske amfibium og reptil freda. Han er likevel nokså vanleg i Noreg, og er ikkje rekna som truga.
Skildring
endreFargane til frosken varierer ein del med temperaturen. Oversida er brun, raudbrun eller gråbrun med mørke teikningar, særleg på bakbeina. Undersida er lys, gjerne med mørke flekkar. Buttsnutefrosk skil seg frå spissnutefrosk ved at han har buttare snute og kan bli litt større, rundt 7-10 cm lang. Vanleg frosk og spissnuta frosk er såpass like at dei fleste vil ha vanskeleg for å sjå skilnad på dei. Det sikraste skiljeteiknet er songen til hannane om våren.
Utbreiing
endreButtsnutefrosk finst i størsteparten av Europa, med ei sørgrense sentralt på Den iberiske halvøya og nord i Italia, Hellas og Bulgaria. Austgrensa går vest i Sibir og nord i Kasakhstan.
Buttsnutefrosk er ein robust art med små krav til leveområdea. I Noreg finst han over heile landet opp til 1000 meter over havet. Det finst spreidde bestandar i fleire fjellområde, og det høgaste frosken er funne er 2700 moh. i Pyreneane.[2]
Levesett
endreI nord føretrekk arten å gyta i dammar med ei relativt grunn strand i sola, men han gyt òg i tjern og gardsdammar. Vanleg frosk finst sjeldan i dammar med fisk, og egg og rumpetroll toler ikkje like surt vatn som spissnutefrosk. Vanleg frosk gyt difor gjerne i mellombels vassamlinger. Artsnamnet temporaria tyder 'mellombels'.
I april-mai (avhengig av klima), så snart isen går, samlar begge kjønn seg til gyting i gytedammen. Hannen lokkar med ein vedvarande knurrande «rrrrrrrr». Hoa legg dei 400-2000 egga i faste geléklumpar. Eggklasane vil oftast søkke til botnen, men flyt gjerne opp i seinare fasar av utviklinga. Larvane (rumpetrolla) går på land i juli-august og blir kjønnsmodne etter 2 til 3 år. Arten overvintrar som oftast på botnen av ein dam eller bekk, der han pustar med huda for å få oksygen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Buttsnutefrosk» frå Wikipedia på bokmål, den 13. oktober 2010.
- Referansar
- ↑ Dervo B, Strøm BS og van der Kooij J (24. november 2021). «Amfibier og reptiler: Vurdering av buttsnutefrosk Rana (Rana) temporaria for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 15. mars 2022.
- ↑ «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 15. mars 2022. Henta 15. mars 2022.