Fuglestjerne

planteart

Fuglestjerne (Ornithogalum umbellatum) er ei plante i fuglestjerneslekta i aspargesfamilien.[1] Arten kjem opphavleg frå Sør-Europa.[2]

Fuglestjerne
Fuglestjerne
Fuglestjerne
Utbreiing og status
Status i Noreg: Framandart med potensielt høg risikoUtbreiinga av fuglestjerne
Utbreiinga av fuglestjerne
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Aspargesordenen Asparagales
Familie: Aspargesfamilien Asparagaceae
Stamme: Ornithogaleae
Slekt: Fuglestjerneslekta Ornithogalum
Art: Fuglestjerne O. umbellatum
Vitskapleg namn
Ornithogalum umbellatum

I Noreg er arten ein framandart som tidleg vart innført som prydplante og som vart funnen forvilla i 1866. Arten er sjeldan dyrka i dag, men er naturalisert og veks spreidde stader sør på Austlandet og langs kysten til Trøndelag. Mest vanleg er han frå Sørlandet til Bergen.[2] I Framandartslista 2023 er arten registrert med potensielt høg risiko (PH),[3] oppgradert frå låg risiko (LO) i 2018.[4]

Kjelder

endre
  1. «Artsdatabanken: Fuglestjerne». Artsdatabanken. Henta 8. mars 2023. 
  2. 2,0 2,1 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 223. 
  3. «Fremmedartslista 2023: fuglestjerne Ornithogalum umbellatum L.». Framandartslista 2023. Artsdatabanken. 11. august 2023. Henta 12. februar 2024. 
  4. «Fremmedartslista 2018: Ornithogalum umbellatum fuglestjerne». Framandartslista 2018. Artsdatabanken. 24. april 2018. Henta 8. mars 2023. 

Bakgrunnsstoff

endre