Fullerjord
Fullerjord eller bleikejord er eit naturleg mineralprodukt som er danna ved forvitring av glashaldig vulkansk oske eller tuff (bentonitt). Det vert nytta til regenerering av smøreolje, avfarging av feitt og oljer og spesielt ved oljeboring. Den aktive substansen er det sterkt absorberande leirmineralet montmorillonitt.
Namnet kjem av det engelske ordet fulling, norsk valking, som gjekk ut på det å krympe og tjukne klede under vasking med denne leira.
Kjelder
endre- «Fullerjord», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 14. februar 2014