Montmorillonitt
Montmorillonitt er eit av dei mest utbreidde leirminerala, med sjiktgitterstruktur. Det er avleidd av eit aluminiumsilikat med formel Al2Si4O10(OH)2·xH2O, der aluminium er delvis erstatta av eit toverdig ion som magnesium, og silisium kan vere delvis erstatta av aluminium. Dette gjev ei negativ ladning som blir kompensert ved at natrium og kalsium går inn mellom sjikta, saman med ei variabel mengd vassmolekyl. Dette forklarar mineralet sitt ionebyttereigenskapar og evna til å svelle sterkt opp, noko som kan vere eit problem i ingeniørteknisk samanheng. Montmorillonitt har mange industrielle bruksområde, sjå bentonitt og fullerjord.
Montmorillonitt | |||
Montmorillonitt (ukjend skala) | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Fylosilikat Smektittgruppa | ||
Kjemisk formel | (Na,Ca)0.33(Al,Mg)2(Si4O10)(OH)2·nH2O | ||
Krystallsymmetri | Monoklin prismatisk H-M-symbol: 2/m Romgruppe: C2/m | ||
Einingscelle | a = 5.17 Å, b = 8.94 Å, c = 9.95 Å; β = 99.54°; Z = 1 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | Kvit, bleik rosa, blå, gul, raud, grøn | ||
Krystallform | kompakte massar av lamellert eller kuleforma mikrokrystallinske samlingar | ||
Krystallsystem | Monoklin | ||
Kløyv | {001} perfekt | ||
Brot | Ujamn | ||
Mohs hardleiksskala | 1–2 | ||
Glans | Matt, jordaktig | ||
Transparens | Gjennomskinneleg | ||
Spesifikk vekt | 1.7-2 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Toaksa (-) | ||
Brytingsindeks | nα = 1.485–1.535 nβ = 1.504–1.550 nγ = 1.505–1.550 | ||
Dobbeltbryting | δ = 0.020 | ||
2V-vinkel | Målt: 5° til 30° | ||
Kjelder | [1][2][3] |
Nærskylde mineral er beidellitt (aluminium erstattar silisium), nontronitt (jernrik), saponitt (med magnesium og jarn), hectoritt (med magnesium og litium), sauconitt (sinkhaldig), volkonskoitt (kromhaldig). Saman med montmorillonitt blir desse minerala gjerne kalla svelleleire eller smektitt.
Det er kalla opp etter Montmorillon i Frankrike.
Kjelder
endre- «Montmorillonitt», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 14. februar 2014
- ↑ Anthony, John W.; Bideaux, Richard A.; Bladh, Kenneth W. and Nichols, Monte C. (red.). «Montmorillonite». Handbook of Mineralogi (PDF). II (Silica, Silicates). Chantilly, VA, US: Mineralogical Society of America. ISBN 0962209716. Henta December 5, 2011.
- ↑ Montmorillonite. Mindat.org
- ↑ Montmorillonite. Webmineral