Furdalselva
Furdalselva er ei elv i Gulen kommune i Vestland. Ho har utspring frå Holmevatnet nordvest for Verkland. Ho renn derfrå mot vest og ned i Furdalen, der ho fortset mot sørvest og gjennom Furdalsvatnet, deretter mot sør, til ho munnar ut i Yndesdalsvatnet rundt to km vest for Yndesdal. Elva er 6,2 km lang[1], og har eit nedbørfelt på 8,4 km²[2].
Furdalselva | |||
elv | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Gulen | ||
Nedslagsfelt | 8,4 km² | ||
Lengd | 6,2 km | ||
Kjelde | Holmevatnet | ||
Munning | Yndesdalsvatnet | ||
Furdalselva 60°56′11″N 5°21′29″E / 60.93638889°N 5.35805556°E |
I likskap med mange andre vassdrag i området vart fiskebestandane i Furdalselva negativt påverka av sur nedbør, spesielt i tida 1960-1990. I Furdalsvatnet vart bestanden av aure sterkt redusert på 1980-talet[3] medan bestanden av aure vart heilt utrydda.[4] I 1993/94 vart det sett ut aure igjen i vatnet for å freiste å reetablere bestanden. I 1998 viste ei undersøking at aurebestanden var tynn og at rekrutteringa var variabel. Under prøvefisket vart det òg fanga ein aure på 8 år, noko som tyder på at vatnet hadde ein minimal restbestand òg før utsettingane i 1993/94.[4]
Kjelder
endre- ↑ NVE Atlas Arkivert 2011-03-06 ved Wayback Machine., Norges vassdrags- og energidirektorat
- ↑ Norgesglasset Arkivert 2009-06-24 ved Wayback Machine., Statens kartverk
- ↑ Annie Elisabeth Bjørklund: Naturressurskartlegging i Gulen kommune, Sogn og Fjordane: Miljøkvalitet i vassdrag, Rådgivende Biologer AS, Rapport nr. 155, mars 1995, ISBN 82-7658-050-5
- ↑ 4,0 4,1 Trygve Hesthagen Gunnel Østborg: Endringer i areal med forsuringsskadde fiskebestander i norske innsjøer fra rundt 1990 til 2006, NINA Rapport 169, Trondheim, desember 2008, ISBN 82-426-1724-4