Walney Island
Walney Island eller Isle of Walney er den åttande største øya i England. Ho ligg i Irskesjøen, vest for Furnesshalvøya i det nordvestlege England. Fram til 1974 var både øya og halvøya ein del av Lancashire, men i dag høyrer dei til Cumbria. Øya høyrer til kommunen Barrow-in-Furness og er landfast via Walney Bridge, som vart bygd i 1908.
Walney | |
---|---|
Walney sett frå Barrow-in-Furness | |
Geografi | |
Stad | Irskesjøen |
Koordinatar | 54°06′14″N 3°15′00″W / 54.1039°N 3.25°W |
Øygruppe | Furnessøyane
|
Areal | 13 km² |
Lengd | 18 km |
Breidd | 1,5 km
|
Administrasjon | |
Land | England |
Grevskap | Cumbria
|
Demografi | |
Folketal | 13000 |
Folketettleik | 1000 /km² |
Ho har i dag kring 13 000 innbyggjarar og har vore busett i minst 3000 år. Namnet Walney kjem frå det norrøne «valna ey», som tyder «den britiske øya». Namnet vart gjeven av vikingane som busette seg her. Landsbyen Biggar Village har vore busett sidan minst 1000-talet og vart nemnd i Domesday Book som Hougenai. Dette namnet kjem av det norrøne haugr som tyder haug. [1]
Øya er 18 km lang og 1,5 km på det breiaste, med eit areal på 13 km². Det er fire grunnskular på øya og ein golfbane. Øya har òg ein liten flyplass.
Øya er sagt å vere den mest vindfulle staden i det engelske låglandet.[2] Nyleg vart det bygd ein vindmøllepark i havet, 7 km vest for øya. Parken består av 30 vindturbinar på 3 MW kvar og med ei høgd på 90 meter. Parken kom i drift i september 2006.[3] Det er planar om å utvide parken med ytterlegare 100 vindturbinar.
Dei fem største landsbyane på øya er:
- Biggar
- North Scale
- North Walney
- South Walney
- Vickerstown
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Walney Island» frå Wikipedia på engelsk, den 26. januar 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Standard English words which have a Scandinavian Etymology (The Vikings in England)
- ↑ On The Crest of a Wave Arkivert 2007-09-26 ved Wayback Machine., Northwest Evening Mail (26/01/2007).
- ↑ «Barrow Offshore windfarm».