Harestua haldeplass
(Omdirigert frå Furumo haldeplass)
Harestua haldeplass (før desember 2013: Furumo haldeplass) er ein haldeplass for lokaltog på Gjøvikbanen i Lunner kommune i Akershus fylke, 45,74 kilometer frå Oslo Sentralstasjon. Haldeplassen ligg på Harestua og vart opna i 1984 på grunn av stor bustadbygging i Harestuaområdet. I 2012 vart han ombygd for å kunne take mot lengre tog. Ein busshaldeplass er knytt til jarnbanehaldeplassen.
Harestua haldeplass | |
Stasjonsområde | |
---|---|
Stad | Harestua |
Distanse | 45,74 km frå Oslo S |
Opna | 1984 |
Plattformer | 1 |
Linjer og rutedrift | |
Linje(r) | Gjøvikbanen |
Overgang | |
Frå haldeplassen er det merkte turløyper både inn i Nordmarka og i Romeriksåsene.
Furumo vart frå 9. desember 2012 den einaste stoppestaden for tog på Harestua etter at den gamle Harestua stasjon vart lagd ned. Difor har Furumo haldeplass fått namnet Harestua haldeplass frå desember 2013.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger mellom anna på «Furumo holdeplass» frå Wikipedia på bokmål, den 1. november 2012.
- Norsk Jernbaneklubb.no – Om Furumo haldeplass
- Opplysningar frå Jernbaneverket om Harestua haldeplass
- NSB om Harestua (tidlegare Furumo) haldeplass
Førre stasjon | Jernbaneverket | Neste stasjon | ||
---|---|---|---|---|
Gjøvikbanen | ||||
Regionaltrafikk | ||||
300 | Skøyen - Oslo S - Jaren |