Romeriksåsene er eit om lag 300 km² stort skogområde som ligg i kommunane Skedsmo, Nannestad, Gjerdrum, Nittedal og Lunner i Viken fylke. Nord for Romeriksåsene ligg Hadelandsåsene og Hurdalsskogene.

Romeriksåsene i bakgrunnen og GjerdrumRomerike i forgrunnen, fotografert frå Heksebergfjellet.
Romeriksåsenes plass mellom dei andre områda som vert rekna med til Oslomarka.

Romeriksåsene er rekna til Oslomarka, og er eit viktig friluftsområde. Terrenget er høgt og kupert i dei nordlegaste lutane, og vatnskiljet ligg langt mot vest. Mot Nittedal og Hakadal er det eit etter måten bratt fall, men slakare mot Gjerdrum og Nannestad. Det høgste punktet er Paradiskollen i Lunner kommune, 670 meter over havet. Andre markante topper er Snellinghøgda på 617 meter over havet, Skotjernfjellet på 651 meter over havet, Håkensbrenna på 538 meter over havet, Holterkollen på 455 meter over havet og Lyholen på 439 meter over havet.

Geologi endre

Romeriksåsene er eit skogkledt fjellområde og består vesentleg av gneis og granitt.

Landskapet hevar seg frå 200 moh ved Nittedal kyrkje og Skedsmo i sør til over 500 moh ved Nyseter og Snellingen i Lunner kommune. I dette skogområdet ligg vatna Buvann, Gjerdrums-gjermenningen, Storøyungen, Bjertnessjøen, Råsjøen og Råbjørn.

Gjerdrum og Holt i sørlege delen av Nannestad består av gneis som vart danna under den sveconorvegiske fjellkjedefoldinga for 1100 millionar år sidan. Berggrunnen tilhøyrde eit skyvedekke som vart skove austover. Gneisen, såkallt åregneis, har mørke, rynka striper av glimmer og amfibol og ljose stripar av feltspat og kvarts.

Høgdeområda i Romeriksåsene består av djupbergartar som granitt, monzonitt og syenitt. Desse bergartene er relativt harde og står difor opp i landskapet etter den erosjonen som pågikk dei påfølgjande 250 millionar år fram til i dag.

Bilete endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre