Fylkesveg 218
218
Strekning
Drevsjø – riksgrensa i Engerdal
Fylkesveg 218
Informasjon
Lengd 8,7 km
Status fylkesveg
Sjå òg Fylkesveg 218 (fleirtyding)

Fylkesveg 218 (Fv218) er ein kort riksvegstrekning i Engerdal kommune i den nordaustlege delen av Hedmark. Veglengda er 8,7 km, og byrjar i vest ved bygda Drevsjø, der han tar av frå Riksveg 26. Han går frå der austover langs den nordre breidda av Vurrusjøen, gjennom eit relativt flatt skogs- og myrlandskap, til grenda Lillebo (eller Litlbu) ved austenden av sjøen. Vegen held fram vidare austover til han kryssar riksgrensa mot Sverige ved Flötningen, 37 km vest for Idre.

På svensk side held vegen fram vidare under namnet Riksväg 70, som går i søraustleg retning via Mora og Borlänge i Dalarna, og endar ved E18 i byen Enköping vest for Stockholm.

Før 1. januar 2010 var vegen riksveg, etter at forvaltingsreformen trod i kraft har han status som fylkesveg.

Kommunar og knutepunkt endre

  Hedmark endre

Engerdal

Bakgrunnsstoff endre