Fylkesveg 294 i Troms

Sjå òg fylkesveg 294 (fleirtyding).

Fylkesveg 294 i Troms går mellom Kantornes i Balsfjord kommune og Sørbotn i Tromsø kommune. Vegen fylgjer austsida av Balsfjorden til Andersdal og vidare langsetter sørsida av Ramfjorden til Sørbotn. Vegen er 40,2 km lang.

Den gamle vegen som Isbergantunnelen erstatta.
Andersdalen med Tromsdalstinden som stikk opp i bakgrunnen.

Isbergantunnelen og tilstøytande veg er eit rassikringstiltak, opna 10. august 2007.[1]

Kommunar og knutepunkt endre

  Tromsø

  •   Sørbotn
  •   Isbergantunnelen (595 m)
  • Andersdal
  •   Andersdalselva (27 m, + 200m med molo)

  Balsfjord

Referanse endre

  1. Statens vegvesen: Offisiell åpning av fv. 294 Isbergan[daud lenkje] (9. august 2007)

Bakgrunnsstoff endre