Fyrstedømet Catalonia

Fyrstedømet Catalonia (katalansk Principat de Catalunya, aranesisk Principautat de Catalonha; spansk Principado de Cataluña; fransk Principauté de Catalogne), frå latinsk Principatus Cathaloniae, er eit historisk område nordaust på Den iberiske halvøya, hovudsakleg i Spania, men med enkelte område heilt sør i Frankrike.

Principat de Catalunya
Principatus Cathaloniæ
Fyrstedømet Catalonia
Blank.png
1164–1714  
Flag of Spain (1701–1760).svg
Flagg Våpen
Flagg Våpen
Plasseringa til Catalonia
Fyrstedømet Catalonia på sitt største, kring 1659
Hovudstad Barcelona
Språk katalansk, latinsk
Religion Romersk-katolsk
Styreform Monarki
Historisk periode Mellomalderen
 - Dynastisk union mellom grevskapet Barcelona og kongeriket Aragon 1164
 - Nueva Planta-resolusjonen oppløyser dei gjenverande katalanske institusjonane 1714

Fyrstedømet vart skipa då fleire grevskap vart samla som Marca Hispanica under reconquista, styrt av greven av Barcelona. Det vart seinare, i 1137, slått saman med kongemakta Aragón, og vart eit viktig medlem her.

Namnet «Fyrstedømet Catalonia» var i bruk fram til Den andre spanske republikken, då bruken av namnet vart forbode på grunn av den historiske tilknytinga til monarkiet. Namnet vert framleis stundom brukt.

KjelderEndra

Koordinatar: 42°19′09″N 3°20′00″E