Goidelske språk
(Omdirigert frå Gæliske språk)
Goidelske språk er ei av dei to greinene av den øykeltiske språkgruppa. Den andre greina er brittonske språk.
Goidelske språk | ||
Klassifisering: | keltisk | |
Vidare inndeling: | ||
Område: | ||
Glottolog: | goid1240 |
Desse språka er goidelske:
- Irsk (Gaeilge)
- Skotsk-gælisk (Gàidhlig)
- Manx (Gaelg)
Alle desse tre språka er etterkommarar av gammalirsk, og alle tre blir no og då referert til som gælisk.