Øya Man
| |||||
Motto: Quocunque Jeceris Stabit | |||||
Offisielle språk | Engelsk, manx | ||||
Hovudstad | Douglas | ||||
Styresett Lord of Mann
Viseguvernør Sjefsminister |
Monarki Charles III Sir John Lorimer Alfred Cannan | ||||
Flatevidd - Totalt - Del vatn |
572 km² 0 % | ||||
Status | Biland | ||||
underlagt Storbritannia | 1765 | ||||
Valuta | Man-pund (likestilt med britisk pund) | ||||
Nasjonalsong | «Arrane Ashoonagh dy Vannin» | ||||
Nasjonaldag | Tynwalddagen, 5. juli | ||||
Internasjonal telefonkode | +44 |
Man (engelsk Isle of Man; manx Ellan Vannin) er ei av Dei britiske øyane og ligg i Irskesjøen. Øya er sjølvstyrande, men høyrer òg direkte inn som ein eigedom under den britiske krona. Såleis er ikkje Man med i Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland.[1]
Historie
endreMan er eit tidlegare norsk skattland. Frå om lag år 700 til år 900 var Man eit vikingkongedøme. Man var lagt under kongen av Noreg fram til 1266, då Skottland tok over øya. Ho kom under den britiske krona i 1765.
Kultur
endreInnbyggjarane øya er prega av dei keltiske og norrøne røtene sine, i tillegg til langvarig engelsk påverknad, noko ein mellom anna kan sjå på musikken der.
På Man har ein i tillegg til engelsk snakka språket manx, som er eit keltisk språk. Den siste talaren av manx døydde i 1974, men ein prøver no å vekkja språket til live att.
Politikk
endreMan er eit demokratisk monarki med kong Charles III av Storbritannia som statssjef eller «Lord of Mann». Kongen er representert på øya av ein viseguvernør. Det lokale styringsorganet er parlamentet Tynwald, som har to kammer. Tynwald vedtek lover og fører tilsyn med indre saker, skattepolitikk og sosialpolitikk. Eksterne tilhøve, som forsvar og representasjon i utlandet, vert styrt av britiske styresmakter. Man svarar ei årleg godtgjersle for desse tenestene.
Anna
endre- Manxkatten er ein kjend halelaus katterase som stammar frå Man
Kjelder
endre- ↑ «Isle of Man» (på engelsk). CIA – The World factbook. Henta 15. februar 2024.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad
- Tynwald (Parlamentet)