Gökgölgrotta er ei grotte i provinsen Zonguldak i Tyrkia. Grotta ligg nær byen Zonguldak, om lag 5 km i luftlinje.

Gökgöl
grotte
Inngangen til grotta
Land  Tyrkia
Provins provinsen Zonguldak
Lengd 3 350 km
Oppdaga av Temuçen Aygen, Chris Mauer og Harvery Lomas
 •  dato 1976
Kart
Gökgölgrotta
41°26′35″N 31°49′53″E / 41.44305556°N 31.83138889°E / 41.44305556; 31.83138889
Wikimedia Commons: Gökgöl cave

Grotta vart oppdaga i 1976 av Temuçen Aygen, Chris Mauer og Harvery Lomas [1] Mellom 1997 og 2001 vart grotta tilrettelagt for turistar, og sidan ho ligg nær hovudvegen vart ho godt vitja dei første åra.[2]

Grotta er totalt 3350 meter lang, men berre dei første 875 metrane er opne for vitjande. Breidda av grotta er her 2 til 15 meter og høgda frå 1 til 18 meter. Grotta har mange stalaktittar og stalagmittar.

Kjelder

endre
  1. WowTyrkia Zoınguldak page (tyrkisk)[daud lenkje]
  2. Zonguldak governor's page, arkivert frå originalen 16. mai 2012, henta 5. august 2012