Gökovabukta
Gökovabukta (tyrkisk Gökova Körfezi) eller Kermebukta (tyrkisk: Kerme Körfezi, gresk: Κεραμεικός κόλπος, latinsk: Ceramicus Sinus), er ei lang (100 km), smal bukt i Egearhavet mellom Bodrumhalvøya og Datçahalvøya sørvest i Tyrkia.
Administrativt dekkjer kysten av Gökovabukta delar av distrikta Bodrum, Milas, Muğla, Ula, Marmaris og Datça. Den greske øya Kos ligg ved inngangen til bukta.
Bodrum, ligg heilt nordvest i bukta og er den einaste større byen ved kysten. I antikken låg Halikarnassos (dagens Bodrum) og Keramos ved bukta.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Gulf of Gökova» frå Wikipedia på engelsk, den 13. august 2012.