Bodrum
Bodrum er ein hamneby i provinsen Muğla sørvest i Egearregionen i Tyrkia. Han ligg på sørkysten av Bodrumhalvøya ved Gökovabukta. Byen vart kalla Halikarnassos i Karia i antikken og var kjend for Mausoleion, eit av dei sju underverka. Bodrumborga ligg ved hamna vart bygd av krossfararane på 1400-talet. Byen har kring 30 000 innbyggjarar, medan heile distriktet har 120 000 innbyggjarar (2009).
Bodrum | |||
by | |||
Bodrumborga (St. Peter-borga)
| |||
Land | Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Region | Egearregionen | ||
Provins | Muğla | ||
Koordinatar | 37°02′N 27°26′E / 37.033°N 27.433°E | ||
Areal | 557 km² | ||
Folketal | 32 801 (2009) | ||
Borgarmeister | Mehmet Kocadon (DP) | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
• Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Postnummer | 48400 | ||
Retningsnummer | (0090)+ 252 | ||
Bilnummer | 48 | ||
Bodrum 37°02′04″N 27°25′50″E / 37.0343987°N 27.430651°E | |||
Kart som viser Bodrum.
| |||
Wikimedia Commons: Bodrum | |||
Nettstad: www.bodrum.bel.tr |
Hovudnæringa i Bodrum er turisme.
Klima
endreBodrum har eit middelhavsklima. Temperaturen om vinteren er 15 °C på dagtid og om sommaren 34 °C med lange periodar med sol. Somrane er varme og med høg fukt og vintrar er mild og stort sett solrike.
Vêrdata for Bodrum | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Høgast målte °C | 25,3 | 27,2 | 30,1 | 36,2 | 40 | 46,6 | 50,8 | 48,6 | 45,1 | 34,9 | 30,6 | 28,4 | 50,8 |
Gjennomsnittleg maks °C | 15,1 | 15,2 | 17,6 | 21,1 | 26 | 31,2 | 34,2 | 34 | 30,3 | 25,6 | 20,3 | 16,5 | 23,9 |
Gjennomsnittleg min °C | 8,3 | 8 | 9,7 | 12,7 | 16,5 | 20,8 | 23,3 | 23,3 | 20,3 | 16,8 | 12,8 | 9,8 | 15,2 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 134,1 | 107,9 | 74 | 39,1 | 18,4 | 7,5 | 1,3 | 8,5 | 20,8 | 40,5 | 97,7 | 156,2 | 706 |
Gns. solskinstimar i månaden | 148,8 | 151,2 | 198,4 | 225 | 285,2 | 318 | 337,9 | 322,4 | 273 | 223,2 | 168 | 139,5 | 2 790,6 |
Kjelde: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü[1] |
Dei første innbyggjarane ein kjenner til i Bodrum-ormådet var folk frå Karia, før hamna vart kolonistar av dorianske grekarar på 600-talet fvt. Byen kom seinare under persarane.
Mausolus styrte Karia frå her og då han døydde i 353 fvt. vart han gravlagd i Mausoleion. Ordet mausoleum kjem frå dette byggverket. Det stod i 1700 år før det vart øydelagt av jordskjelv. I dag er berre fundamentet og nokre få skulpturar.
Aleksander den store kringsette byen og erobra han etter ein hard kamp. Julian av Halikarnassos var biskop tidleg på 500-talet, men same hundreåret vart byen styrt av persarane. Krossfararane kom til byen i 1402 og nytta ruinane av mausoleet til å byggje Bodrumborga som framleis står. Tempelriddarane fekk løyve til å byggje borga av den osmanske sultanen Mehmed I, etter Timur Lenk hadde øydelagt den tidlegare borga deira i Izmirbukta. Borga og byen vart kjende som Petronium, som er opphavet til moderne Bodrum.
Bodrum var ein roleg fiskelandsby fram til midten av 1900-talet, då turismen starta å auke.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bodrum» frå Wikipedia på engelsk, den 27. august 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «İl ve İlçelerimize Ait İstatistiki Veriler- Meteoroloji Genel Müdürlüğü». Dmi.gov.tr. 30. november 1971. Henta 15. august 2012.