Muğla er ein by i sørvest i Tyrkia. Han ligg i distriktet med same namn i provinsen Muğla, som strekkjer seg langs kysten av Egearhavet. Muğla ligg noko inn i landet, 660 meter over havet, kring 30 km frå kysten av Gökovabukta i sørvest. Nabodistrikt er Milas, Yatağan og Kavaklıdere i nord og nordvest og Ula og Köyceğiz.

Muğla
by
Gamle Muğla i fjellsida av Hisar eller Asar
Land  Tyrkia
Region Egearregionen
Provins Muğla
Høgd 660 moh.
Koordinatar 37°22′N 28°36′E
Areal 1 582 km²
Folketal 61 550  (2007)
Folketettleik 39 / km²
Grunnlagd 100-talet fvt.
Borgarmeister Osman Gürün
Tidssone EET (UTC+3)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Retningsnummer (+90) 252
Bilnummer 4
Kart
Muğla
37°13′0″ N 28°22′0″ E
Wikimedia Commons: Muğla
Nettstad: Muğla kommune
Styresmaktene i Muğla

Byen er omgjeve av høge fjell og har kring 60 000 innbyggjarar (2009), og vert ofte oversedd av turistar på grunn av dei meir kjende stadane nær kysten. Byen har eit universitet grunlagd i 1990-åra.

Klima endre

Muğla har eit middelhavsklima med lange, varme og tørre somrar og kjølige og våte vintrar.

Klimadata for Muğla
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Normal maks. temp. °C 10.1 10.7 14.3 18.6 24.4 29.8 33.5 33.4 29.2 23.3 16.2 11.2 21,23
Normal min. temp. °C 1.5 1.6 3.5 7.0 11.4 16.3 19.8 19.6 15.1 10.3 5.4 3.0 1,5
Nedbør (mm) 216.4 170.7 119.2 71.5 49.5 26.6 10.3 11.3 21.2 62.6 160.7 237.8

relativ fukt 76 76 72 67 61 52 45 47 50 62 73 80 63,4
Normal mengd regndagar 13.2 12.3 10.6 9.9 7.6 3.5 1.8 1.5 2.7 5.9 9.8 13.9 92,7
Normale månadlege solskinstimar 127.1 140 189.1 213 263.5 306 331.7 331.7 288 229.4 153 114.7 2 687,2
Kjelde nr. 1: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü[1]
Kjelde nr. 2: Weatherbase[2]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre