Gøran
mannsnamn
Gøran er eit opphavleg svensk mannsnamn (Göran) som stammer frå det greske namnet Jeórjos (Georg, 'jordbrukar, bonde'). Gøran har norsk namnedag den 9. juli. Den svenske namnedagen for Göran blei flytta frå 9. juli til 23. april i 1992.
Avleiing
endreDet svenske mannsnamnet «Göran» er ei nyare form av «Örjan». Dette blei danna som Örian av den lågtyske namneforma Jurian. Det opphavlege greske namnet er «Jeórjos» (gr. Γεώργιος) er danna av ji (Γη, 'jord') og ergo (έργο, 'arbeid').
Namneberarar
endre- Göran Tunström (1937-2000), svensk forfattar
- Göran Persson (f. 1949), svensk statsminister, opphavleg Hans Göran Persson
- Göran Greider (f. 1959), svensk musikar, opphavleg Per Göran Greider
- Gøran Sørloth (f. 1962), norsk fotballspelar
Kjelder
endre- «Gøran» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Gøran» frå Wikipedia på bokmål, og «Göran» frå Wikipedia på svensk den 8. juli 2009.