Ga'ash (hebraisk skrift גַּעַשׁ, tyder Storm) er ein kibbutz sentralt i Israel. Han er kalla opp etter det bibelske fjellet Gaash[1] som låg ved sidan av grava til Josva i Efraim (Josva 24:30). Han ligg nord for Tel Aviv og høyrer til Hof HaSharon regionale kommune. I 2006 hadde han 515 innbyggjarar.

Ga'ash
גַּעַשׁ
landsby
Land  Israel
Region Kystsletta
Distrikt Sentral
Kommune Hof HaSharon
Koordinatar 32°13′45.48″N 34°49′33.23″E
Folketal 682 (2015)
Grunnlagd 5. juli 1951
 - Grunnlagd av Søramerikanske immigrantar
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Kart
Ga'ash
32°13′46″ N 34°49′33″ E
Wikimedia Commons: Ga'ash

Kibbutzen vart grunnlagd den 5. juli 1951 av ei gruppe immigrantar frå Sør-Amerika som var medlemmar av den latinamerikanske «A-gruppa» til Hashomer Hatzair. Grunnleggjarane hadde forsvart Negba under den arabisk-israelske krigen i 1948, og hadde danna kibbutzen ved Ahli Kahsem nær Bnei Zion i november 1949.

Kjelder endre

  1. Carta's Official Guide to Israel and Complete Gazetteer to all Sites in the Holy Land. (3rd edition 1993) Jerusalem, Carta, s.159 , ISBN 965-220-186-3 (engelsk)

Bakgrunnsstoff endre