Negba
Negba (hebraisk skrift נֶגְבָּה) er ein kibbutz nord i Negev i Israel.[2] Han ligg nær byane Kiryat Malakhi og Ashkelon og høyrer til Yoav regionale kommune. Kibbutzen has 768 innbyggjarar[1] og dekkjer 12 000 mål.
Negba | |||
landsby | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Det sørlege distriktet | ||
Koordinatar | 31°39′39.24″N 34°40′59″E / 31.6609000°N 34.68306°E | ||
Folketal | 768 (2011)[1] | ||
Grunnlagd | 12. juli 1939 | ||
• Grunnlagd av | Hashomer Hatzair-medlemmar | ||
Tilhøyrsle | Kibbutzrørsla | ||
Negba 31°39′39″N 34°40′59″E / 31.6609°N 34.6831°E | |||
Kart som viser Negba.
| |||
Wikimedia Commons: Negba |
Namnet på kibbutzen er basert på eit vers i Første Mosebok (13:14), der Gud kommanderer Abraham reise gjennom Israels land, mot nord, sør, aust og vest. Ordet «negba» tyder «sørover».
Slaget ved Negba i 1948
endreNegba kibbutz vart grunnlagd den 12. juli 1939 som ein tårn og palisade-busetjing. Dei første nybyggjarane var medlemmar av Hashomer Hatzair frå Polen. Han var den sørlegaste jødiske busetnaden i Palestinamandatet.
I den arabisk-israelske krigen i 1948 invaderte egyptarane området den 15. mai 1948, og styrkane deira kapra ein politistasjon i området, Iraq-Suweidan, eit Tegart-fort kalla opp etter den nærliggande arabiske landsbyen, som kontrollerte vegen til Negev. Utanom politistasjonen tok egyptarane arabiske landsbyar nær kibbutzen, og frå her gjekk dei til åtak på jødiske kjøretøy som køyrde på vegane frå Ashkelon til Hebron og Jerusalem.
Kibbutzen vart øydelagd i kraftige kampar som pågjekk i tre månader. Den 9. november 1948, etter den egyptiske hæren hæren leid nederlag i Operasjon Yoav, vart politistasjonen erobra av Det israelske forsvaret.
Eit minnesmerke over dei falne soldatane vart sett opp like ved krigsgravplassen. Dette syner ein mann og ei kvinne frå kibbutzen med ein kjempande soldat. Like ved minnesmerke står ei egyptisk stridsvogn. Vasstårnet til kibbutzen, full i kulehol, står der som eit minne om dei harde kampane.[3]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Negba» frå Wikipedia på engelsk, den 13. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2011. Henta 9. oktober 2014.
- ↑ Less equality, more freedom and kibbutz Negba's prodigal sons return
- ↑ Negba museum
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad (he)