Gabriel Batistuta

argentinsk fotballspelar

Gabriel Omar Batistuta (fødd 1. februar 1969 i Reconquista) er ein argentinsk pensjonert fotballspelar som spelte spiss og var ein av dei mest målfarlege spissane verda har sett i nyare tid. Batistuta som fekk tilnamnet «Batigol!», skåra 56 mål på 78 landskampar for Argentina - deriblant ti nettkjenningar i VM-sluttspel. Han er òg den einaste fotballspelaren som har skåra hattrick i to VM-sluttspel etter kvarandre.

Gabriel Batistuta
Gabriel batistuta.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Gabriel Omar Batistuta
Fødd 1. februar 1969 (51 år)
Fødestad Reconquista i Argentina
Høgd 185 cm
Posisjon Angrep
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1988–1989
1989–1990
1990–1991
1991–2000
2000–2003
2003
2003–2005
Newell's Old Boys
River Plate
Boca Juniors
Fiorentina
Roma
Inter
Al Arabi
24 (7)
21 (4)
34 (13)
369 (166)
63 (30)
12 (2)
18 (25)
1988-2005 Totalt 441 (249)
Landslag
1991–2002 Argentina 78 (56)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 21. februar 2011
‡ Landslagsmål oppdatert 21. februar 2011

På klubbnivå byrja han karrieren i heimlandet for Newell's Old Boys i 1987. Korte opphald i storklubbane River Plate og Boca Juniors fylgde før han i 1991 vart seld til den italienske klubben ACF Fiorentina. Batistuta spelte ni sesongar i Fiorentina, der han vart ein folkehelt. Han skåra 168 mål på 369 kampar for Firenze-klubben, og då han vart seld til AS Roma sommaren 2000 skapte det opprør blant misnøgde Fiorentina-tilhengjarar.

Batistuta spelte to og ein halv sesong i Roma, som han hjelpte til ligameisterskap i 2001 med 20 mål på 28 kampar. Dette vart Roma sitt fyrste seriemeisterskap på 18 år, og Batistuta fyrste ligatrofé i Italia. Våren 2003 verte han utleigd til Inter, før han avslutta karrieren sin i Al Arabi i Qatar.

På landslagsnivå var Batistuta med om å vinne Copa América i 1991 og 1993. I det sistnemnde meisterskapen skåra han begge måla for Argentina i finalesigeren mot Mexico. Batistuta representerte òg Argentina i tre VM-sluttspel (19941998 og 2002).

KjelderEndra