Opna hovudmenyen

Gaetano Scirea

italiensk fotballspelar

Gaetano Scirea (25. mai 19533. september 1989) var ein italiensk fotballspelar frå Cernusco sul Naviglio i Milano-provinsen. Han vert særleg hugsa for sine 14 år på klubblaget Juventus og sine mange år som midtstoppar på det italienske landslaget, der han var med på å vinne VM i fotball 1982.

Gaetano Scirea
Gaetano Scirea - Atalanta.jpg
Gaetano Scirea med Atalanta i 1970-åra
Personleg informasjon
Fullt namn Gaetano Scirea
Fødd 25. mai 1953
Fødestad Cernusco s.N. i Italia
Død 3. september 1989 (36 år)
Dødsstad Babsk i Polen
Høgd 178 cm
Posisjon  Forsvar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1972–1974 Atalanta 58 (1)
1974–1988 Juventus 377 (24)
Totalt 435 (25)
Landslag
1978–1986 Italia 78 (2)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

KlubbspelEndra

Scirea spela for Atalanta frå 1972 til -74. Han debuterte i Serie A 24. september 1972 i kamp mot Cagliari. Sommaren 1974 vart han overført til Juventus, der han snøgt spela seg til fast plass i midtforsvaret. Allereie i sin fyrste sesong for klubben vart han seriemeister, seinare skulle han vinne seks fleire seriemeisterskap for Juventus. Gjennom desse åra var han også med å vinne alle dei tre europeiske klubbturneringane; UEFA-cupen, Cupvinnarcupen og Europacupen.

I 1987/88-sesongen mista Scirea plassen i fyrsteellevaren og la opp. Han hadde då spela 377 seriekampar og skåra 24 ligamål for Juventus, samt 85 europa-kampar og mange nasjonale cupkampar.

LandslagspelEndra

Scirea fekk sin landslagsdebut for Italia i ein vennskapskamp mot Hellas den 30. desember 1975. Han var med i dei italienske landslagstroppane både til VM i fotball 1978, EM i fotball 1980 på heimebane, VM i fotball 1982 og VM i fotball 1986. Både i 1978 og 1980 vart Italia nummer fire. Under VM 1982 i Spania gjekk Italia heilt til topps, etter å ha slått Vest-Tyskland 3-1 i finalen. Han spela sin 78. og siste landskamp under VM 1986 i Mexico.

MerittarEndra

  • VM-gull 1982 for Italia
  • Vinnar av Europacupen 1985 med Juventus
  • Vinnar av Cupvinnarcupen 1984 med Juventus
  • Vinnar av UEFA-cupen 1977 med Juventus
  • Italiensk seriemeister 1975, 1977, 1978, 1981, 1982, 1984, 1986 med Juventus
  • Italiensk cupmeister 1979 og 1983 med Juventus


Scirea omkom hausten 1989 i ei bilulukke i Skierniewice i Polen, medan han var på såkalla speidaroppdrag for Juventus.

BakgrunnsstoffEndra

Gaetano ScireaFIFA sin offisielle nettstad

KjelderEndra