Gaidonnayitt
Gaidonnayitt er eit mineral med same samansetjing som katapleiitt , Na2ZrSi3O9·2H2O, men med rombisk symmetri (polymorfi).
I Noreg er det funne i ein nefelinsyenittpegmatitt på Siktesøya i Langesundsfjorden.
Det er kalla opp etter den kanadiske krystallografen Gabrielle Donnay (f. 1920).
Kjelder
endre- Raade, Gunnar. (14. februar 2009). Gaidonnayitt. I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/gaidonnayitt.