Katapleiitt
Katapleiitt eller catapleiitt er eit gult til brunt, heksagonalt mineral som opptrer i nefelinsyenittpegmatittar, ofte saman med eukolitt.
Det vart originalskildra frå Langesundsfjorden av P. C. Weibye i 1849. Den kjemiske samansetjing er Na2ZrSi3O9·2H2O, eit vasshaldig natrium-zirkonium-silikat. Ein polymorf form er gaydonnayitt.
Namnet kjem av kata-, som er gresk for «fleire» og -itt, og syner til at mineralet opptrer saman med andre sjeldne mineral.
Kjelder
endre- Katapleiitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/katapleiitt.