Langesundsfjorden

Koordinatar: 59°1′46″N 9°44′6″E

Langesundsfjorden eller Breviksfjorden er eit fjordstykke mellom øyane Sandøya, Bjørkøya og Siktesøya i Porsgrunn kommune og fastlandet i Bamble kommune, begge i Telemark-området i Vestfold og Telemark fylke. Fjordstykket strekkjer seg om lag 5 km frå sundet Langesund og inn til Brevik, der han deler seg i Frierfjorden og Eidangerfjorden. I mellomalderen var namnet på denne fjorden Grenmarr, etter folkeslaget grœnir ‘grener’, som heldt til her i Grenland / Grœnland, og marr, som er norrønt for hav eller sjø. Seinare, til langt ut på 1700-talet, vart heile strekninga frå Langesundgapet og opp til Skien kalla «Langesundfjorden».

Fjordsystemet i Grenland

Kjelder endre