Yolanda Gail Devers (fødd 19. november 1966) er ein tidlegare sprintar og hekkeløpar frå USA. Som aktiv idrettsutøvar var ho kjend for å ha svært lange, lakkerte negler.

Gail Devers


Statsborgarskap USA
Fødd 19. november 1966 (57 år)
Seattle
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988

Utmerkingar

Bislett-medaljen

Karriere endre

Gail Devers synte tidleg talent for friidrett, og kvalifiserte seg til sommar-OL 1988 i Seoul. Devers sleit med stadige migrenar og synstap, og vart undersøkt for dette. I 1990 fekk ho diagnosen Graves' sjukdom og måtte få intensiv behandling for dette. Ho kom seg forbausande raskt og fekk delta i VM i friidrett 1991 i Tokyo, der ho tok sølv på 100 meter hekk. Ho kvalifiserte seg også til neste OL, sommar-OL 1992 i Barcelona. Her vann ho olympisk gull på 100 meter sprint for kvinner. Ho var også på god veg til å vinna finalen i hundre meter hekk, men snubla over siste hekken og enda på femteplass.

Under VM i friidrett 1993 i Stuttgart tok ho gull på både 100 meter hekk og 100 meter sprint. Merlene Ottey fullførte heilt likt med henne i sprintfinalen, men utifrå målfotoet vart det bestemt at Devers fekk gullet. To år seinare forsvarte ho VM-gullet sitt på 100 meter hekk i Göteborg.

Sommar-OL 1996 i Atlanta vart eit godt OL for Gail Devers, som forsvarte OL-gullet på 100 meter sprint. I tillegg var ho med på å vinna OL-gull for USA i 4 x 100 meter stafett for kvinner. Her sprang ho saman med Chryste Gaines, Inger Miller og Gwen Torrence. På stafettlaget vart Torrence bytt ut med Marion Jones til VM i friidrett 1997 i Athen, då Devers var med på å vinna eit nytt stafettgull til USA. I friidretts-VM 1999 vart Devers endå ein gong verdsmeister på 100 meter.

Gail Devers heldt fram med å ta medaljar i større, internasjonale tevlingar så seint som til 2004.

Kjelder endre