Gainsbourg Confidentiel

Gainsbourg Confidentiel
Studioalbum av Serge Gainsbourg
Språk fransk
Utgjeve 1963
Innspelt 12.-14. november 1963
Sjanger Jazz
Lengd 26:42
Selskap Mercury
Produsent Claude Dejacques
Serge Gainsbourg-kronologi 
Serge Gainsbourg N° 4
(1962)
Gainsbourg Confidentiel Gainsbourg Percussions
(1964)


Gainsbourg Confidentiel er det femte albumet til Serge Gainsbourg og kom ut i 1963. Som det førre albumet Serge Gainsbourg N° 4 frå året før er det eit reint jazzalbum, men likevel eit ganske så anneleis album. Dette var første albumet til Gainsbourg der han ikkje samarbeida med Alain Goraguer, og der han tidlegare hadde spelt med eit stort orkester er alle songane på Gainsbourg Confidentiel strippa ned til eit svært sparsommeleg arrangement med berre Gainsbourg sjølv på vokal, Michel Gaudrykontrabass og Elek Bacsikelektrisk gitar og ingen trommer. Dette var derimot siste albumet der Gainsbourg spelte jazz.

Tekstane omhandlar mellom anna tema som kjærleik, barbermaskinar, fotoapparat, walkie-talkiear og vakre togreiser.

Innhald

endre

Alle songar er skriven av Serge Gainsbourg, bortsett frå der anna er nemnd.

  1. «Chez les yé-yés» - 2:29
  2. «Sait-on jamais où va une femme quand elle vous quitte» - 2:02
  3. «Le talkie-walkie» - 2:04
  4. «Le rasoir électrique» - 1:45
  5. «La saison des pluies» - 3:29 (E. Bacsik - S. Gainsbourg)
  6. «Elaeudanla Téitéia» - 1:39
  7. «Scenic Railway» - 2:35
  8. «Le temps des yoyos» - 2:38
  9. «Amour sans amour» - 2:04
  10. «No, no thank's, no» - 2:33
  11. «Maxim's» - 1:51
  12. «Negative blues» - 1:34

Nokre CD-utgåver frå 2001 inneheldt òg 9 spor frå eit konsertopptak frå 1963.

Musikarar

endre