Galasy ZMesta

belarusisk musikkgruppe

Galasy ZMesta (russisk og kviterussisk Галасы ЗМеста, norsk transkripsjon Halasy ZMesta, 'stemmane i byen') er eit kviterussisk band beståande av vokalist Dmitrij Butakov, Irina Sorgovitskaja, Jevgenij Kardasj, Jevgenij Artjukh og Maksim Ponomarenko.[1] Bandet skulle ha representert Kviterussland i Eurovision Song Contest 2021 med den russiskspråklige songen «Ja nautsju tebja» (eg skal læra deg), men vart diskvalifisert då EBU kunngjorde at bidraget ikkje var i tråd med tevlingsreglane.[2][3]

Galasy ZMesta
Aktiv2020–
PlateselskapSony Music Entertainment
MedlemmerDmitrij Butakov, Irina Sorgovitskaja, Jevgenij Kardasj, Jevgenij Artjukh, Maksim Ponomarenko

Bakgrunn endre

Galasy ZMesta vart skipa i 2011, då musikarar frå eit band i byen Baranavitsjy byrja å samarbeide med medlemmar av det lokale komikerkollektivet KVN. Kollektivet var basert på den legendariske russiske humor-tv-showet KVN.[4] I starten dreiv det nyetablerte bandet hovudsakleg med å parodiere songar, men starta etter kvart å produsere sitt eige materiale og eigne songar.

I januar 2021 leverte Galasy ZMesta eit bidrag til det kviterussiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland. Av rundt 50 innsende bidrag, valde den kviterussiske kringkastaren Belaruskaja Tele-Radio Kampanija (BTRK) Galasy ZMesta og songen «Ja nautsju tebja» internt til å representere landet i Rotterdam.[1]

Politisk kritikk av bidraget endre

Valet av Galasy ZMesta vart kritisert av fan-presse og menneskerettsgrupper. Kritikarane meinte den kviterussiske kringkastaren BTRK bevisst hadde vald ein regime-vennleg deltakar som «dansa etter pipa» til styresmaktene.[5] Etter presidentvalet i 2020 har det vore vedvarande protestar og demonstrasjonar mot sitjande president Aleksandr Lukasjenko. Valresultatet og gjennomføringa av valet har blitt kraftig kritisert av opposisjon og internasjonale organisasjonar, og motstanden mot Lukasjenko auka kraftig i vekene etter valet. Trass den massive motstanden, har Lukasjenko nekta å gje frå seg makta eller utskrive nyvalg.

Delar av Eurovision-pressa meinte det kviterussiske bidraget var vald for å støtte Lukasjenko. Gruppa Galasy ZMesta har offentleg kritisert demonstrasjonane og gjeve støtte til presidenten.[6] Nettstaden eurovoix.com kritiserte teksten til bidraget og omtalte han som «ei sterk støtte for ein regjeringsagenda som kneblar innbyggjarane sine og fengslar journalistar for å snakka ut om sakar rundt grunnleggjande menneskerettar».[5] Nettstaden kunngjorde samstundes at dei ikkje kom til å rapportera noko meir rundt deltakinga til Kviterussland og oppfordra andre nettstadar til å gjera det same.

Parallelt med dette kravde fleire menneskerettsgrupper, fans og politiske styresmakter at Kviterussland måtte diskvalifiserast frå tevlinga.[7][8] Blant anna vart det starta fleire underskriftskampanjar for å få EBU til å utestengje landet.[9] Den svenske kringskastaren SVT vedtok samstundes å utestenge den kviterussiske juryen som skulle ha røysta i Melodifestivalen på grunn av «situasjonen i landet». Den kviterussiske juryen vart i staden erstatta av ein britisk jury.[10][11]

11. mars kunngjorde EBU at det kviterussiske bidraget ikkje var i tråd med reglane til Eurovision Song Contest, og at «Ja nautsju tebja» utfordra den «ikkje-politiske naturen» til Eurovision Song Contest. EBU konkluderte med at bråket rundt songen risikerte å sverte ryktet til Eurovision Song Contest, og sa at songen ikkje kunne tillatast i sin noverande form. I staden måtte BTRK endre bidraget eller levere inn eit nytt bidrag, elles ville Kviterussland bli diskvalifisert frå tevlinga.[12][13] 26. mars vart Kviterussland diskvalifisert frå tevlinga, då det nye bidraget heller ikkje var i tråd med reglane til Eurovision Song Contest.[3]

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 «Belarus: Galasy ZMesta to Eurovision 2021 – Listen to "Ya Nauchu Tebya"». 9. mars 2021. Henta 9. mars 2021. 
  2. «Belarus pick Galasy ZMesta» (på engelsk). 9. mars 2021. Henta 9. mars 2021. 
  3. 3,0 3,1 «EBU statement on Belarusian participation». eurovision.tv. EBU. 26. mars 2021. Henta 26. mars 2021. 
  4. «Belarus pick Galasy ZMesta» (på engelsk). 9. mars 2021. Henta 9. mars 2021. 
  5. 5,0 5,1 «Eurovoix's Statement on the Participation of Belarus at the Eurovision Song Contest» (på engelsk). 10. mars 2021. Henta 10. mars 2021. 
  6. «Belarus: Galasy ZMesta will sing "Ya nauchu tebya" at Eurovision 2021» (på engelsk). 9. mars 2021. Henta 10. mars 2021. 
  7. «🇧🇾 A new petition to disqualify Belarus from Eurovision 2021 hits 1000 signatures» (på engelsk). 10. mars 2021. Henta 10. mars 2021. 
  8. «🇧🇾 Campaign urges EBU to remove Belarus from Eurovision 2021» (på engelsk). 23. januar 2021. Henta 10. mars 2021. 
  9. «Belarus withdrawal from Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 10. mars 2021. 
  10. «Melodifestivalen 2021: SVT replaces Belarus on international jury panel citing the "current situation"» (på engelsk). 9. mars 2021. Henta 10. mars 2021. 
  11. Radio, Sveriges. «SVT backar – tar bort Belarus från juryn - Kulturnytt i P1» (på svensk). Henta 10. mars 2021. 
  12. «Latest news: EBU statement on Belarusian entry». www.eurovision.tv. 11. mars 2021. Henta 11. mars 2021. 
  13. «Belarus' Eurovision 2021 Entry Faces Disqualification Unless It Is Modified» (på engelsk). 11. mars 2021. Henta 11. mars 2021.