Galliske venetarar

Venetarar (latin veneti) var ein keltisk stamme som levde ved atlanterhavskysten i dagens Bretagne. Hovudbyen deira var dagens Vannes, som har namn etter dei. Venetarane var dyktige sjøfolk, og dreiv mellom anna handel med Storbritannia. Stammen blei underkua av Julius Cæsar i 56 f.Kr., noko han skildra i Bellum Gallicum.

Kjelder

endre

Andersen, Øivind (15. februar 2009), «Veneter: keltisk stamme», Store norske leksikon, henta 27. oktober 2015 

  Denne historieartikkelen som har med Frankrike å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.