58°26′56″N 8°46′50″E / 58.4489°N 8.7805°E / 58.4489; 8.7805

Hamna er det geografiske midtpunkt i Arendal by. Busetnaden i den sentrale delen av byen ligg fordelt på fastlandet, på Hisøy og på Tromøy. Her ser ein Galtesund, Tromøysundet er til venstre i biletet. Passasjerferjer går i rute kvar halve time mellom Tyholmen og Skilsø på Tromøya.
Foto: Karl Ragnar Gjertsen

Galtesund er eit sundet mellom øyane Hisøy og Tromøya i Arendal kommune i Agder. Sundet er litt over 2 km lang, og breidda varierer frå 200 m til om lag 500 m.

Galtesund er den viktigaste innseglingsleia til Arendal hamn, og ganske store skip kan gå inn sundet. Galtesund har namn etter holmen Galten som ligg i sundet. Leia er smalast og grunnast ved denne holmen, der det er gjort utsprengingar for å gjere leia djupare.

Fartøy på veg austover kan om dei ønskjer smult farvatn halde innaskjers ved å segle nordover Galtesund og så austover gjennom Tromøysundet.

Galtesund var òg eit kjent kystruteskip som vart kapra av norsk-engelske kommandosoldatar og ført til England under den andre verdskrigen. Skipet var eigd av Arendals Dampskipsselskap.

Kjelde endre