Gam Point
Gam Point er eit kupert nes 2 nautiske mil søraust for False Round Point på nordkysten av King George Island i Sør-Shetlandsøyane. Neset er eit av nesa som vart kalla Pyritic eller Esther Island av den skotske geologen David Ferguson i 1913–14. Flyfoto frå området synte seinare at det Ferguson hadde nedteikna som ei øy, i røynda var eit nes. Det vart namngjeve av UK Antarctic Place-Names Committee i 1960. Ordet «gam» er det gamle sel- og kvalfangarar kalla det når dei samla seg på eit av fartøya deira for ein prat. Nærliggande Esther Harbour var ein ankerplass som ofte vart nytta av selfangarar.[1]
Gam Point | |||
nes | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Sør-Shetlandsøyane | ||
- koordinatar | 61°55′S 58°0′W / 61.917°S 58.000°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Gam Point 61°55′00″S 58°00′00″W / 61.9167°S 58°W | |||
Kjelder
endre- ↑ «Gam Point». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 17. oktober 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Gam Point» (innhald frå Geographic Names Information System).