Askvoll ferjekai er eit ferjeanlegg på Askvoll i Askvoll kommune i Vestland, og inngår i fylkesveg 608. Frå Askvoll går ferjesambanda Askvoll-Gjervik-Fure og Askvoll-Fure-Værlandet.

Kaianlegget vart bygd som viktig stoppestad for skip opp og ned langsmed kysten, og vart i 1971 oppgradert med ny ferjelem attmed den gamle som ledd i å fasilitere det nye ferjesambandet til Gjervik i Atløyna. I 1989 vart det skipa eit nytt ferjesamband til Værlandet, og rundt 2010 vart det bygd nytt moderne kaianlegg med to ferjelemmar rett attmed den gamle kaia for å betre kapasiteten på sambanda. Den gamle ferjekaia er brukt som kai for snøggbåt.

Bakgrunnsstoff

endre