Ganddal stasjon
stasjon i Sandnes
58°49′24.744″N 5°43′1.3908″E / 58.82354000°N 5.717053000°E
Ganddal stasjon er ein jernbanestasjon på Jærbanen i Sandnes kommune. Stasjonen vart opna på Ganddal i 1878 samtidig med at jernbanelinja vart opna.[1] Stasjonen ligg 18,49 kilometer frå Stavanger på den 580,55 kilometer lange linja til Sørlandsbanen. Han ligg 22,5 meter over havet.[1] Tidlegare tok Ålgårdbanen av på Ganddal, men denne banen er no nedlagd. Delar av banen har derimot status som industrispor. I tilknyting til stasjonen er det ein parkeringsplass for 30 bilar.