Ålgårdbanen
Ålgårdbanen eller Ålgårdsbanen er namnet på ei jarnbaneline, sidelina frå Ganddal stasjon på Jærbanen til Ålgård stasjon. Lina er 12 kilometer lang, og vart opna i 1924. Ho var tenkt som byrjinga av Sørlandsbanen, som skulle byggjast om lag der som E39 går no. Men slik vart det ikkje, og passasjertrafikken vart nedlagd i 1955. Størstedelen av godstrafikken forsvann i 1988, og spora på Ålgård stasjon vart rivne opp.
Ålgårdbanen | |
Ålgård stasjon i 1924 | |
Info | |
Type | Sidebane |
Status | Nedlagt |
Utgangsstasjon | Ganddal |
Endestasjon | Ålgård |
Drift | |
Opna | 20. desember 1924 |
Eigar | Bane NOR |
Operatør(ar) | Norges Statsbaner |
Type trafikk | Passasjerar og gods |
Teknisk | |
Lengd | 12,2 km |
I 1923 gjorde Stortinget vedtak om bygging av den såkalla «Indre Linje» (Klungland - Bjerkreim - Vikeså - Ålgård). I 1937 gjorde Stortinget nytt vedtak om at den normalspora Sørlandsbanen skulle gå over Egersund og Jæren.
Dei siste åra har berre dei tre første kilometerane av lina vorte nytta til togtrafikk. På Figgjo stoppestad, som no har vorte museum, kan ein leiga seg skjenesykkel (dresin) og sykla til Ålgård og attende.
Det har vore gjort fleire overslag over kor mykje det vil koste å sette i stand Ålgårdbanen til regulær drift. Det siste overslaget (2012) har gjort at Jernbaneverket ikkje er avvisande til det.
Stoppestadar:
Linjekart
endreKilometrering refererer til Oslo V.
Teiknforklaring | |||
Jærbanen frå Sandnes | |||
580,55 km | Ganddal stasjon (1878) | 21,2 moh | |
til Klepp | |||
Fv330 Hovevegen | |||
Bru over Storåna (10 m) | |||
Holane haldeplass (1927) | |||
Vagle haldeplass (1951) | |||
584,15 km | Foss-Eikeland (1924) | 25,2 moh | |
industrisidespor til Spenncon Sandnes | |||
Bru over Figgjoelva (30 m) | |||
Kallberg haldeplass (1928) | |||
587,27 km | Bråstein (1924) | 52,4 moh | |
avbrote spor | |||
Figgjo Fajanse haldeplass (1952–1955) | |||
589,74 km | Figgjo (1924) | 85,8 moh | |
sidespor til Ålgård uldvarefabrikker | 87,3 moh | ||
Figgjo Fabrikker haldeplass (1922) | |||
Fv294 Figgjovegen (50,6 m) | |||
592,79 km | Ålgård stasjon (1924) | 94,0 moh |
Bakgrunnsstoff
endreLitteratur
endre- Nils Carl Aspenberg: Glemte spor : boken om sidebanenes tragiske liv, Baneforlaget 1994. ISBN 82-91448-00-0
- Rune Gjertsen: Gjenåpning av Ålgårdsbanen for persontrafikk Kandidatoppgåve Rogaland distriktshøgskule, Stavanger 1986.
- Torkel Thime: Banelangs : Ålgårdbanen gjennom 75 år, Stavanger 1999.