Gapøyholman er ei øygruppe som ligg ytst i Kvæfjorden, i Kvæfjord kommune i Troms. Dei små holmane ligg utanfor Gapøya.

Gapøyholman i midnattssol
Foto: Asbjørn Håkonseth

Den største av Gapøyholman er Storholmen, som er ca. 1 km lang. Aust for Storholmen ligg mange små holmar, Småholman.

Naturreservat endre

Gapøyholman er verna med status som naturreservat på grunn av det rike fuglelivet og bestanden av steinkobbe der. Holmane har også eit særeige planteliv. Det er forbode å ferdast på land der mellom 1. mai og 15. juli. Naturreservatet har nasjonalt lokalitetsnummer 191110026.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre